Eit absurd, teikna univers

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Johann S. Grimstvedt kapra andreplassen i Dagbladets teikneseriekonkurranse nyleg.

– Eit visuelt tiltalande drøymelandskap befolka med merksnodige, men sjarmerande skapningar som ein både kan le av og med. Underfundig og tidvis absurd, stort potensial. Eit friskt pust frå eit nytt talent, skriv juryen i grunngjevinga si.

Juryen som lovprisar Grimstvedts teikneserie er ikkje kven som helst. Dei største namna i teikneserie-Noreg er med: Frode Øverli (Pondus), Lise Myhre (Nemi) og Tormod Løkling (redaktør i Donald Duck & Co,

Pondus og Tommy og Tigern) er nokre av namna. Det er ikkje rart Grimstvedt er glad for tilbakemeldingane.

– Eg blei overraska då eg fekk vite det. Det var så lenge sidan eg hadde sendt inn stripene at eg hadde lagt tankane på konkurransen litt på hylla og gjeve opp. Då dei ringte blei eg veldig glad. No får eg sjansen til å vise meg fram for eit stort publikum, seier Grimstvedt.

Stusseleg persongalleri
Stripene har stått på trykk i papir- og nettutgåva av Dagbladet i lengre tid etter at konkurransen blei avslutta. Grimstvedt har fått mykje respons på serien og dei noko stusselege karakterane han har skapt.

– Då eg starta arbeidet med stripene til konkurransen, tenkte eg at det hadde vore moro å lage ein teikneserie med berre tristesse, slik som iguanen i ørkenen som dei fyrste sju stripene skildrar – ein slags gjennomgåande melankoli. Men så fann eg ut at det blei litt for sært å berre fokusere på dette. Difor har eg lagt meg på ei linje som er litt deprimerande, men god på botnen. Alle i persongalleriet er litt stusselege, men på kvar sin måte. Karakteren Trygdve er kanskje mest stusseleg av dei alle, men han er også den som er aller best lika av lesarane, smiler teikneserieskaparen.

Inspirert av Vest-Telemark
Då Johann var 13 år, flytta familien frå Haugesund til Dalen. Dermed har han tilbrakt heile ungdomstida si i Vest-Telemark. Det har han late seg inspirere av.

– Eit par striper som ikkje har vore publisert i avisa enno er ganske klart inspirerte av Vest-Telemark og bygde-Noreg. Der har eg laga ein litt psykedelisk landbruksbakgrunn med ein jordbruksplanet der ein sau går i bane rundt planeten. Eg kan sjølvsagt ikkje med handa på hjarta seie eg har sett det nokon gong. Men i stripene tek eg opp dei typiske haldningane ein ofte møter på bygda – der det er litt flaut å kome med nye idear. Det er som oftast betre å berre late som ideen aldri kom, enn å stikke seg fram og seie at ein har ein kjempegod idé. I stripa er det ein kar som gjeng og tenker og sparkar stein, før han brått får ein god idé, så lyspæra blinkar over hovudet på han. I neste rute får han ei kjempeutgåve av janteloven i bokform i hovudet. Så i siste ruta gjeng han berre tilbake til å sparke stein, seier Grimstvedt, som leikar med tanken på å basere ein karakter på ein kjend vesttele.

– Eg har vore freista til å lage ei stripe om Bodil Nordjore, så det kan godt hende eg gjer det på eit tidspunkt. Det må jo vere ei ære å få laga ein teikneserie inspirert av seg sjølv, seier Grimstvedt lurt.

Don Rosa-inspirert
Når det gjeld teiknestilen til Grimstvedt, skriv juryen at dei underlege landskapa i bakgrunnen i alle stripene bringer tankane til teikneserieklassikaren Crazy Kat – ein serie som har inspirert svært mange teikneserieskaparar.

Grimstvedt seier han valde å skape sin heilt eigen stil, men at han i ettertid ser at han er klart inspirert av store namn innan teikneserieverda.

– Eg ser på stilen min at donaldteiknaren Don Rosa nok har vore ei stor inspirasjonskjelde. Både når det gjeld teknikken og det å ha mange små detaljar i bakgrunnen, som ein ikkje legg merke til når ein les stripa fyrste gong. Også fransk-belgiske seriar som Viggo og Sprint har inspirert meg, og sjølvsagt Crazy Kat. Men den har vel inspirert alle teikneserieteiknarar.

Tidleg krøkast
Heilt frå han var bitteliten har han laga teikneseriar. Stifta saman A4-ark og teikna superheltar, dinosaurar og billøp.

– Eg veit ikkje kvifor, men eg har jamt vore fascinert av teikneseriar og illustrerte bøkar. Eg gjekk gjennom alt som var av slikt på biblioteket då eg var mindre. I Haugesund fanst dessutan eit utsal der ein kunne få kjøpt dårlege B-teikneseriar frå Marvel og DC Comics på engelsk. Eg kjøpte haugevis av dei, og blei etter kvart ganske god i engelsk, hugsar Grimstvedt, som alltid har fått støtte for interessa si på heimebane.

– Eg har funne ut at far min er hemmeleg Fantomet-fan. Då eg snakka om kor usamanhengande eg synest den serien er, fekk eg eit langt foredrag om truverdet til Fantomet, ler han.

– Må vere sær
Førebels lever Johann av å vere illustratør for Høgskuleforlaget. Men i framtida håpar han sjølvsagt å kunne leve av teikneseriane sine.

– Eg håpar å få innpass i eit av dei store teikneseriemagasina i Noreg – helst M eller Nemi, der eg trur humoren i serien min passar best inn. Då vil eg med godt samvit kunne halde fram med å bruke tid på å teikne og vidareutvikle serien, og samle alle stripene i eit stort samlemagasin til messa Oslo Comics Expo, som eg kan bruke til å promotere serien. Nyleg var eg på Raptusfestivalen i Bergen, der eg knytte viktige kontaktar. Teikneseriemiljøet er lite, og det er langt mellom dei som lever av det. Dei fleste har ein form for barnehagejobb ved sidan av. Eller, ein ordentleg jobb då. Men det hadde ikkje vore moro viss det hadde vore lett å lage teikneseriar. Ein må vere litt sær. Ingen normale, oppegåande folk har lyst til å gjere noko så usikkert, slår Johann fast, som seier han kjem inn i ein spesiell modus når han lagar serien.

– Sjølvsagt kan det vere litt slitsamt når alt eg ser blir gjort om til vitsepoeng. Ein vinklar situasjonane på andre måtar enn vanleg. Det er oftast vanlege situasjonar som blir skildra, så alle kjenner seg att. Men dei har ikkje sett det på akkurat den måten før, avsluttar 27-åringen med eit litt annleis syn på verda enn folk flest.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!