Jukserekord ved norske universitet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange juksar

Universitet trappar opp kampen mot juksarane. Ved hjelp av dataprogrammet Ephorus blir studentane sine tekstar sjekka opp mot lærebøker og tekstar på nettet. Er det avskrift utan kjeldetilvising, får universiteta og høgskulane beskjed.

Kvar einaste semesteroppgåve i ex.phil blir no køyrt gjennom programmet.

Studiedirektør ved Universitetet i Oslo, Monica Bakken, seier til Aftenposten at ho ikkje har grunnlag til å seia at fleire studentar juksar, men seier at universiteta og høgskulane har blitt flinkare til å avsløra juksarane.

– Det kan for eksempel vera avskift av andre sine oppgåver, av pensumkjelder eller andre kjelder ein finn på nett, og så framstiler ein stoffet som sitt eige, seier ho.

Temaside: Slik gjer du det betre på eksamen utan juks!

Faktaboks

 

Rekordmange juksesaker:

Universitetet i Oslo:
2012: 74 saker, 65 skuldige
2011: 38 saker, 32 skuldige

Universitetet i Bergen: 
2012: 33 saker
2011: 16 saker

NTNU i Trondheim:
2012: 14 saker
2011: 11 saker

Handelshøgskolen BI:
2012: 35 saker
2011: 22 saker

Universitetet i Stavanger:
2012: 22 saker
2011: 15 saker

Kjelde: Aftenposten