Snus bør bli forbode og det bør innførast 20-års aldersgrense for å kjøpa sigarettar, meiner ekspertutval.

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal
NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal
Faktaboks

 

Fakta om forslaga:
Eit ekspertutval har lagt fram over 40 forslag for å redusera ikkje-smittsame sjukdommar. Det blir mellom anna foreslått:
* 20-års aldersgrense for kjøp av tobakk. 24-årsgrense innan 2018.
* Forbod mot snus innan 2017.
* Slutt på tobakk i taxfreebutikkar.
* Lovfesta tobakksfri arbeidstid for alle offentlege arbeidsplassar.
* Røykfrie helseinstitusjonar, inkludert rom for bebuarane og inngangsparti.
* Røykfrie hotellrom innan 2017.
* Øl i mellomklasse på Vinmonopolet.
* Avgrense storleik på alkoholbehaldarar til 1,5 liter.
* Auka alkoholavgiftene.
* Usunn mat bør bli dyrare, sunn mat billegare.
* Forby reklame av usunn mat og drikke retta mot barn og unge.
* Gratis frukt og grønsaker også til alle i barneskulen.
* Éin times fysisk aktivitet om dagen i skulen.
* Fjerne skatt på fysisk aktivitet betalt av arbeidsgjevar. (©NTB)

Fakta om ikkje-smittsam sjukdom og tidleg død
30 prosent av dødsfall i Noreg er tidlege dødsfall (prematurt).
* Grensa blir sett til død før 75 år.
* Hjarte- karsjukdom, kreft, diabetes og kronisk lungesjukdom står for hovuddelen av desse dødsfalla. 64 prosent for menn, 70 prosent for kvinner.
* Årsakene er komplekse, men det er godt dokumentert at tobakk, alkohol, kosthald og fysisk inaktivitet er viktige samanhengar.
* Tobakksbruk, inkludert passiv røyking, blir vurdert som den viktigaste risikofaktoren her i landet.
* Det blir rekna med at 30– 40 prosent av all kreftsjukdom kan førebyggjast ved livsstilsendringar.
* Dersom alle risikofaktorar blir haldne uendra, vil nedgangen i for tidleg død dei seinare åra bli erstatta av ein svak auke fram mot 2025.

(Kjelde: Rapport: Reduksjon i ikkje-smittsame sjukdommar frå Helsedirektoratet) (©NTB)

LES FAKTALUKK FAKTA

 

Alkohol blir avgrensa til 1,5-litersbehaldarar og øl i mellomklassen bør seljast på Vinmonopolet, meiner eit ekspertutval. Helseministeren er ikkje einig.

Utvalet under leiing av professor Grethe S. Tell har vurdert korleis Noreg kan redusere folkesjukdommar som kreft, diabetes, hjarte- og karsjukdom og kols. Fredag overleverte ho ein rapport med ei rekkje forslag til helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Rapporten inneheld over 40 tiltak som ekspertane meiner vil gje eit stort løft for folkehelsa. Dei handlar om alkohol, tobakk, sunt kosthald og fysisk aktivitet.

– Folkesjukdommar kan førebyggjast, viss vi vil, seier Tell, men samtidig vedgår at nokre av tiltaka kan oppfattast som dramatiske.

Nei, nei og nei

Helseministeren seier direkte nei til fleire av forslaga. Det er ikkje politikken til regjeringa å forby snus og 3-litersvin, og heller ikkje å senda øl med alkoholprosent på over 3,5 inn på Vinmonopolet. Tax-freebutikkane skal framleis kunne selja tobakksvarer. Han signaliserer heller ikkje stor iver etter å gje folk skattefritak for trening betalt av arbeidsgjevar.

– Det handlar om ei avveging om kva vi meiner er rett for lovgjeving, kva som er nødvendig for lovgiving. Ganske kraftige tiltak som vi har innført, skal no setja seg og forankrast, seier Støre til NTB.

Han legg til at arbeid for å kjempa mot tobakks- og alkoholbruk kan bli annleis i framtida.

– Vi ser ofte at det som er kontroversielt i dag, vil vera mindre kontroversielt om nokre år. Slik som røykjelova, seier han.

Mange av forslaga som står att i rapporten, er forslag det er semje om og som allereie ser sett i gang. Støre seier alle innspel kjem til å bli drøfta i samband med stortingsmeldinga om folkehelse som kjem i april.

– I denne rapporten er det om lag 40 forslag. Eg har sagt at to-tre har vi ikkje planar om å gjennomføra, men det er nok å ta av, seier han.

Ber Støre visa politisk mot

Noreg har plikta seg til å redusera for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdommar med 25 prosent innan 2025. Førebelse tal frå studien Global Burden of Diseases, som blei lagt fram førre veke, viser at livsstilssjukdommar er helseutfordring nummer éin for Noreg.

Professor Tell ber Støre visa politisk mot og handlekraft. Helsegevinst bør vega tungt mot økonomiske og politiske kostnader, meiner ho. Det er ikkje nok å be folk ta ansvar for si eiga helse, strukturelle tiltak må til.

– Vi forstår jo at politikarar har mange omsyn å ta. Oppgåva vår var å koma med tiltak som faktisk kunne monna. At han totalt avviser at snus skal bli forbode i Noreg, synest eg er litt synd. Eg veit ikkje heilt kvifor, seier ho.

Skapar debatt

Oppgåva til ekspertutvalet er å gå lenger enn det styresmaktene gjer, meiner fungerande assisterande direktør Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet. Han er ikkje overraska over at nokon av dei friskaste og mest konkrete forslaga i rapporten, raskt blir avvist.

– Det hadde kanskje vore skuffande viss ekspertgruppa berre hadde føreslege tiltak som allereie er vedteke. Noko av oppgåva deira er å flytta grenser. Det bidreg til debatt og gjer at det i neste omgang kanskje kan skapast aksept for det, seier Klepp. (©NPK)

Kva meiner du om forslaga?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE