SV vil ha ulik årsavgift i bygd og by

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha ulik årsavgift i bygd og by

 Årsaka er at SV ønskjer å satse meir på kollektivtrafikk i byane, melder NRK. SVs stortingskandidat frå Sogn og Fjordane, Vibeke Johnsen, meiner det er naturleg å sjå nærmare på eit slikt alternativ.

– Det vi ønskjer å greie ut er ei differensiering, altså ei ulik årsavgift på bil i by og distrikt knytt opp mot tilgangen til kollektivtransport og andre alternativ, seier ho til NRK.

KrF-leiar Knut Arild Hareide, som leier transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, er ikkje imponert over forslaget.

– Eg forstår intensjonen i SV sitt forslag om at det skal vere dyrare å køyre bil der det finst gode alternativ. Men samtidig synest eg ikkje dette forslaget verkar gjennomtenkt. Eg trur ikkje ei differensiering av årsavgifta mellom distrikt og by er det mest treffsikre verkemiddelet, seier han til NRK. (©NPK)

Kva meiner du om forslaget, bør årsavigifta vera lågare i distriktet?