Meiner musikk, dans og drama er lureri

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Musikk, dans og drama er lureri

– Nå er det mange ungdommar som får ei utdanning det rett og slett ikkje er bruk for. Kva i all verda skal dei gjere? Seier Ståle Kyllingstad til  Dagens Næringsliv. Han karakteriserar utdanningsretningar som media, musikk, dans og drama, som lureri.

Kyllingstad ynskjer behovsprøvd utdanning i Noreg, og peikar på det store behovet for ingeniørar i industrien. Tal Dagens Næringsliv har henta inn, syner ein mangel på om lag 10 000 ingeniørar i Noreg.

Berre danse
– Er du ingeniør kan du meir enn å jobbe i oljen. Du kan bygge bygg, bygge vegar og jobbe med medisinsk utstyr til sjukehusa våre. Men viss du driv med dans og drama, kan du faktisk berre danse, seier Kyllingstad til avisa. Han peikar på dans og drama som indirekte stillingar, som det er mindre behov for i dårlegare økonomiske tider.

LES OGSÅ: Leitar etter ingeniørar over heile Europa

 Administrerande direktør ved Den Norske Opera & Ballett, Tom Remlov, reagerar sterkt på utspelet til Kyllingstad. Han peikar på at ingeniørar også skal eksistere innanfor eit stort samfunn med mange ulike profesjonar, verksemder og aktivitetar, som krev annan type utdanning og yrkeserfaring for å forvaltas rett.

 – Utdanning innan kunstfaga er slik at dei er fundamentalt allmenndannande, dei skaper gangs menneske i mange tydingar av ordet, seier han til Dagens Næringsliv.  

LES OGSÅ: Dansar for framtida