Klesbransjen under lupa

– Det må bli enklare for forbrukarane å gjera etiske val, seier forbrukarministeren. 

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grønn Hverdag har fått statlege midlar for å kartleggja korleis klesbransjen arbeider med miljø og etikk i leverandørkjedene sine.

Ved å få ut informasjon om kva bransjen faktisk gjer, er håpet at det skal bli enklare for forbrukarar å ta etiske og miljøvenlege val.

Grønn Hverdag har fått 120.000 kroner av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til kartlegginga. Måndag var organisasjonen i møte med forbrukarminister Inga Marte Thorkildsen (SV).

LES OGSÅ: – Tenk deg om før du kjøper klede

– Eg er oppteken av at varene som blir tilbydd i norske butikkar, skal vere tilverka under anstendige forhold. Dei som tener pengar på å selje varer til norske forbrukarar, har eit ansvar for at arbeidarane som lagar varene blir behandla på ein skikkeleg måte, seier Thorkildsen.

Rundt 30 kleskjeder og -butikkar vil i dei nærmaste vekene bli bedne om å svare på spørsmål om oppfølging av etiske retningslinjer, kjemikaliebruk, merkeordningar med meir.

LES OGSÅ: – Trendy med kjøpestopp

– Det må bli enklare for forbrukarane å ta etiske val. Denne undersøkinga vil gi forbrukarane god informasjon om etikkarbeidet i tekstilbransjen, og understreke at det løner seg for bransjen å løfte etikk og miljø høgre på agendaen, seier forbrukarministeren.