Då bør du i så fall tipse Kommunal og regionaldepartementet om det innan 26. februar.

NPK
NPK

Statens pris for attraktiv stad skal nemleg snart delast ut til ein kommune eller andre aktørar som har klart å gjere ein stad meir attraktiv, og dermed auka trivselen, tilhøyrsla og stoltheita til dei som bur der.

Alle kan føreslå kandidatar. Forslaga må kort skildre kva som gjer den føreslegne staden attraktiv og kva tiltak som har vore med på å føre til dette. Vinnaren får 250 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet.

I fjor var det Ulsteinvik på Sunnmøre som gjekk sigrande ut av konkurransen med 240 andre stader i landet.

Forslag til årets vinnar kan sendast til www.facebook.com/norges.beste.sted innan 26. februar 2013. Prisen blir delt ut i slutten av mai. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE