Det er store forskjellar mellom kven som driv med vintersport. Jon Arve Bjordal og Eirik Børsheim vil gi alle like høve til å delta.

 

I Åsane i Bergen er det for kaldt til å stå i ro utandørs. Rimlaget ligg på bakken, men snøen let vente på seg. I to brakkar ved Flaktveithallen ligg skiutstyret klart.

– Alle i heile Bergen kan kome hit og låne seg skiutstyr, både barn og vaksne, seier Jon Arve Bjordal og styreleiar Eirik Børsheim.

For femti kroner i året kan du låne ski så ofte du vil. Saman med fem vener har dei skipa idrettsorganisasjonen Rask Bergen. Målet er ”å senke deltakingsbarrieren for barn og unge i Bergen”.

– Mange av oss arbeider innan skule eller sosialvesen, og vi ser at det er mange som ikkje deltek i vintersport fordi dei ikkje har skiutstyr. Då fell dei utanfor, både i skuletida og på fritida, seier Børsheim. Han leiar den nystarta organisasjonen.

LES OGSÅ: – Foreldre betalar nesten kva som helst

– Ikkje noko annanrangs
Nokre skular tilbyr skiutstyr til dei som ikkje har, men Børsheim seier det kan vere stigmatiserande.

– Dette utstyret er heller gjerne ikkje så bra. Her i Rask skal vi ikkje ha noko annanrangs utstyr, alt skal vere veldig bra.

Inne i dei to brakkane som er sett saman, er det hyller med slalåmstøvlar og lange radar med ski i alle storleiker. Skøyter er på veg. Kvar måndag kan du kome og låne her, så leverar du det tilbake den påfølgjande måndagen.

– Førebels er det lettast for folk her i bydelen å låne utstyr. På sikt er målet å gjere det meir tilgjengeleg for barn, unge og familiar i heile Bergen. Og kanskje òg i andre byar, seier Bjordal.

LES OGSÅ: – Idretten skyv fattige frå seg

Sosiale ulikskapar
Det er store skilnadar i helse i høve til kva for eit sosial lag ein kjem frå, syner rapporten «Fysisk aktivitet, omfang, tilrettelegging og sosial ulikskap – en oppdatering og revisjon». Rapporten vart laga på oppdrag frå Helsedirektoratet i 2011. Dei frå høg sosial klasse er nesten dobbelt så aktive som den lågare klassen, syner rapporten.

I 2013 skal det leggjast fram ei ny folkehelsemelding.

Lars Sjøløkken har skrive ein mastergrad i sosiologi om friluftsliv og klasse. Med utgangspunkt i tal frå Ung i Oslo 2006, såg Sjøløkken på aktivitet fordelt på ulik sosial bakgrunn. Han fann ut at ungdom med foreldre i øvre samfunnsklasse er overrepresentert både i skisporet og i alpinbakken.

Når det gjeld i alpinbakken er ungdom med faglærte foreldre i arbeidarklassen om lag på same nivå som dei med bakgrunn i øvre samfunnsklasse.

– Det heng på greip. Faglærte tener relativt bra og har råd å sende ungane i alpinbakken. Men for mange er økonomi ein barriere, for utstyr er dyrt, seier Sjøløkken.

LES OGSÅ: – Du må opp i puls

Høgkulturell langrenn
Innan langrenn er tala litt annleis når det gjeld deltaking. Her er det dei som kjem frå  heimane med mest kulturell ballast, som er dei mest aktive. Han har funne ut at langrenn er ein aktivitet som blir verdsett meir blant dei som har lang utdanning og høg inntekt.

– Blant dei lågare klassene er det ikkje kultur for å gå på langrenn, sjølv om dei skulle ha råd til å kjøpe langrennski. Vi ser dermed både ein økonomisk og kulturell barriere, seier Sjøløkken.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE