Sjølv om mange skular kan vise til ein forbetring av karakterane etter innføringa av Kunnskapsløftet, er det stor variasjonen skulane imellom.

mm

Målet med Kunnskapsløftet er å betre dei faglege resultata i den norske skulen. Ferske analysar gjort ved NOVA, tyder på at mange skular har lyktast med å nå dette målet.

– Når me samanliknar dei siste årskulla under reform 97 med tre årskull av elevar som har følgt læreplanen i Kunnskapsløftet frå tre til fem år, viser det seg at det store fleirtalet av grunnskulane kan vise til ein forbetring i skriftlege eksamensresultat, fortel forskingsleiar Anders Bakken, som saman med Ørnulf Seippel, har gjort dei aktuelle analysane.

Stor variasjon mellom skulane
Funna viser ein trend der elevar i grunnskulen får stadig betre karakterar til skriftleg eksamen. Samstundes viser resultata at endringar i karakterar på skulenivå varierer betydeleg frå skule til skule.

På mange skular har karakterforbetringa har vore spesielt stor. På dei fem prosent av skulane med størst framgang har fire av ti elevar fått éin karakter høgare. I den andre enden av skalaen er det skular der nær tre av ti elevar har fått éin karakter lågare.

– Dette viser at kontrastane i resultatutvikling mellom skular med størst og minst framgang har vore nokså betydelege i denne perioden, uttalar Bakken.

Fellestrekk
Forskarane finn at det er ein del fellestrekk ved dei skulane som i denne perioden har hatt den mest positive karakterutviklinga. Den viktigaste fellesnemnaren er at elevane opplever læringsmiljøet sitt som spesielt godt.

– Det er kanskje ikkje overraskande at me finn at elevane sine læringsmiljø har tyding for den faglege utviklinga til elevane. På dette området finst det ein omfattande faglitteratur. Det som er nytt i denne samanhengen, er at me òg finn utslag av elevane sine læringsmiljø når vi måler korleis utviklinga på den einskilde skulen endrar seg over tid, understrekar Bakken.

På skulane med størst framgang er utdanningsnivået til foreldra og inntekt høgare enn vanleg, det er relativt få elevar med spesialundervisning, og skulane har i større grad nytta seg av ordninga med at elevar på ungdomstrinnet kan følgje undervising på vidaregåande nivå.

Det er òg betydelege geografiske variasjonar, der Sogn og Fjordane og Oslo utmerkar seg med ein større del skolar som har markert framgang i eksamensresultat.

Kva meiner du skal til for å skapa godt læringsmiljø på skulen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE