Dei siste fem åra har minst 258 unge jenter og gutar frå Noreg blitt gifta bort mot sin vilje.

NPK-NTB
NPK-NTB

Tala frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) går frå 2008 og fram til første halvår av 2012. Det kan sjå ut som om talet på tvangsgifta er aukande, ifølgje IMDis kompetanseteam, men tala kan vere litt misvisande på grunn av mogleg overlapping frå fleire kjelder.

Dei aller færraste sakene når rettssystemet, skriv Adresseavisen.

– På lang sikt håpar vi jo at dette fenomenet ikkje skal eksistere i Noreg. Men det er viktig å synleggjere at dette skjer, og at ungdommane blir klar over at det faktisk går an å gjere noko med det, seier teamleiar Inger Axelsen i førebyggingseininga i IMDi.

Dei siste fem åra har IMDis kompetanseteam behandla i alt 1.390 saker som omhandlar tvangsekteskap, etterlatne i utlandet, vald og truslar, ekstrem kontroll og kjønnslemlesting.

Offera i rundt 80 prosent av sakene er jenter eller kvinner. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE