Her vil dei lagre 5,5 milliardar tonn CO2

Havbotnen på norsk sokkel har stor plass til trygg lagring av CO2 fastslår Oljedirektoratet i ein ny rapport.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kartlegginga av havbotnen i Norskehavet viser at det er mogleg å lagre 5,5 milliardar tonn CO2 der. Det kjem dermed i tillegg til dei 70 milliardar tonna det er plass til i havbotnen i Nordsjøen, ifølgje Oljedirektoratet.

Målet er å kartleggje heile norsk sokkel for å finne holrom som kan fyllast med CO2 og stengjast av. Framleis står det att å kartleggje Barentshavet.

– For at vi skal lykkast med arbeidet knytt til fangst og lagring av CO2, er det avgjerande at vi finn stader som eignar seg for lagring. Norsk sokkel kan ha eit stort potensial for dette, noko både vellykka lagring frå Sleipner og Snøhvit viser, seier Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp).

Både naturlege formasjonar og nedstengte oljefelt eignar seg for karbonlagring. (©NPK)