Forskarar: – Arbeid for trygd verkar
Krav til arbeid for å få stønad verkar, men det er dyrt, ifølge ny forskning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I Noreg kan det vera spesielt relevant å diskutera innføringa av ei form for arbeid for trygd for barnefamiliar, seier Axel West Pedersen ved Institutt for Samfunnsforskning. Saman med Henning Finseraas har han sett på korleis andre land har innført forskjellige former for stønader med krav om arbeid.
Mange OECD-land har dei siste åra innført slike ordningar.
– Formålet er gjerne dobbelt: å gjera det meir økonomisk lønsamt å velja arbeid framfor trygd og å redusera fattigdomsproblem blant lågtlønna arbeidstakarar, seier Pedersen.
Medan ein del av verkemidla i arbeidslinjepolitikken involverer bruk av negative sanksjonar og sterkare byråkratisk kontroll, utmerkar arbeidsbetinga stønader seg ved å gje positive insentiv til arbeid.
Arbeidsbetinga stønader høyrer dermed til blant dei verkemidla i arbeidslinjepolitikken som liknar på gulrota meir enn på pisken, meiner Pedersen.
LES OGSÅ: Løftar seg inn i arbeidslivet
Fleire set krav i Noreg
Fleirtalet i Bergen bystyre støtta denne veka interpellasjonen frå Peter Christian Frølich (H) og Erik Skutle (H) at kommunen må i større grad stille krav til aktivitet og arbeid for byens sosialhjelpsmottakarar, samtidig som kommunen i større grad må legge til rette for slikt arbeid i kommunal regi.
Frølich viser til Åmli kommune i Aust-Agder som hadde flest sosialhjelpsmottakarar i forhold til folketalet. Etter at dei innførte krav til arbeid for trygd, har talet på sosialhjelpsmottakarar gått ned med 90 prosent, ifølgje Bergens Tidende.
Berre folk med gyldig grunn til å ikkje arbeid, får sosialhjelp utan å arbeida.
Røynsler frå fem land
– I Storbritannia og Irland har ein satsa stort på arbeidsbetinga stønader som blir øyremerka familiar med låge lønnsinntekter. Forsking tyder på at det har bidrege til høgare sysselsetjing og mindre fattigdom i lågtlønnsgruppene, men stønaden blir trappa ned når inntekta aukar. Dermed blir det mindre lønnsamt å ta utdanning og auke arbeidsinnsatsen for mottakarane og partnarane deira, seier Pedersen i ei pressemelding.
– Det er interessant å merka seg at både Storbritannia og delvis Irland er i ferd med å innføra eit meir heilskapleg system for minstesikring med ei felles ordning for avtrapping mot lønnsinntekt. Systemet skal erstatta både den tradisjonelle sosialhjelpen, bustøtta og arbeidsbetinga stønader, seier Pedersen.
– I Nederland, Sverige og Danmark er hovudvekta lagt på å stimulera til arbeid. Her tek ordningane form av eit spesielt inntektsfrådrag som går ut til alle arbeidstakarar – uansett lønnsnivå. Konsekvensen er at ordningane blir særs kostbare, og effekten på inntektsulikskap og fattigdom blir naturleg nok svak, ifølgje Axel West Pedersen.
LES OGSÅ: Gulrøter får fleire uføre i arbeid
Kan løyse eit fattigdomsdilemma
I Noreg kan det vere spesielt relevant å diskutere innføringa av ei form for arbeidsbetinga stønad for barnefamiliar, meiner forskarane ved Institutt for Samfunnsforsking. Mange er bekymra for at dei forholdsvis romslege barnetilleggene i uførepensjonen og sosialhjelpen gjer det lite økonomisk lønsamt å velja arbeid framfor trygd. På den andre sida kan kutt i desse tillegga neppe unngå å gje auka barnefattigdom.
– Innføring av ein arbeidsbetinga stønad for barnefamiliar kan vera ein måte å auka gevinsten ved å jobba, utan å skapa auka barnefattigdom. Det finst likevel òg alternative verkemiddel som vil ha om lag dei same effektane. Eitt høve er å innføra eit mildare regime for avkortning av bustøtte og sosialhjelp mot arbeidsinntekt. Eit anna mogleg alternativ er å auka satsane i barnetrygda i kombinasjon med ein senking av barnetilleggene i uføretrygda og sosialhjelpen, seier Pedersen.