Vil stoppa skulefråfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir gjort ein ganske massiv innsats for å sørgja for at elevane skal fortsetja og fullføra skulen. Men me ser ikkje dei store endringane.

Det sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen då han heldt eit kort foredrag om stoda i den vidaregåande skulen då Stord Høgre inviterte til ope møte i går.

Det er fylkeskommunen som har ansvar for den vidaregåande opplæringa, og dette var eitt av to punkt på programmet. Det andre var E39.

– Betydelege utfordringar
Nilsen starta gjennomgangen med å spørja om det eigentleg er eit problem at somme fell frå undervegs i skuleverket, og viste til at mange, som til dømes Kjell Inge Røkke, har lukkast godt i livet utan særleg skulegang.

– Men dette er unntaket. For dei aller fleste byr det på betydelege utfordringar, svara han på sitt eige spørsmål.

Han viste til at brorparten av dei som tar imot sosialhjelp her i landet ikkje har fullført noko vidaregåande utdanningsløp.

– Det har store konsekvensar for liva deira. Difor er me også opptekne av å gjera noko med dette, sa Nilsen.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen

Ein av fire fell frå
Fylkesordførarane tok også eit lite oppgjer med munnhellet om at kvar tredje elev fell frå. Dette talet er for høgt, meiner han.

– Dei tala me har på dette, viser at det ikkje er meir enn om lag kvar fjerde elev som fell frå. Dette er likevel for høgt, og me ser at det er ekstremt stabilt, både før og etter Reform 94, sa Nilsen.

Han presenterte Hordaland fylkeskommune sine mål for å redusera fråfallet med fem prosent, både blant dei som går studiespesialiserande fag og blant dei som går yrkesfag med læretid.

– Det ser ikkje sånn ut, men dette er faktisk skikkeleg hårete mål, når me veit at desse tala har vore nesten uendra i fleire tiår, sa Nilsen.

Gode haldningar
Blant tiltaka som skal gjerast for å nå dette målet, er ei styrking av rådgjevingstenesta gjennom heile grunnopplæringa. Nilsen sitt argument for dette var at mange problem heng igjen frå tidlegare i utdanningsløpet, og ikkje først dukkar opp når eleven kjem til vidaregåande. Ved å samarbeida tettare, og dermed kunne gripa fatt i problema tidlegare, meiner han det vil vera større sjanse for at elevane held seg på skulen.

Nilsen sveipa også innom problematikken med innvandrarar som fell frå meir enn andre elevgrupper.

– Dette er likevel ikkje så enkelt som det ser ut. Det er sant at førstegenerasjonsinnvandrarar fell meir frå, men når det går ein generasjon til ser me at det er fleire med innvandrarbakgrunn som gjennomfører enn det er vanlege nordmenn. Det viser, om ikkje anna, at det i alle fall er nokon som har gode haldningar til utdanning, sa Nilsen.

Les heile saka i Sunnhordland!

Kva meiner du skal til for at fleire skal fullføra vidaregåande?