Sjukemelder sjukepleiarpraksis

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) vert det peikt på at ein av grunnane skal vere at sjukepleiarprofesjonen ønskjer å auke statusen til faget, skriv Universitas.

Det er arbeidsgivarforeininga Spekter, som organiserer statlege verksemder, mellom anna sjukehus, som har bestilt rapporten. Kommunikasjonsdirektør i Spekter, Gunnar Larsen, meiner Nifu-rapporten viser at behova til sjukehusa i større grad må leggjast vekt på når utdanninga blir utforma.

– Sjukepleiarane var betre rusta før, då utdanninga var meir praktisk og mindre akademisk. Det er den teoretiske delen som blir prioritert no. Praksis kjem i andre rekkje, seier førstehjelpsinstruktør John Eeg ved Norsk luftambulanse til studentavisa.

LES OGSÅ: Mange sjukepleiarar er utrygge

Statssekretær Ragnhild Setsaas i Kunnskapsdepartementet meiner ikkje at sjukepleiarutdanninga har vorte for akademisk. Ho uttaler til Universitas at utdanninga er av dei profesjonsutdanningane med mest praksis i studietida og meiner det er viktig at utdanninga òg er forskingsbasert.