Fjord Line vil minske bergensk giftlok

Dei to nye cruiseferjene til Fjord Line skal gå på flytande naturgass. Ferjene vil derfor forureine mindre enn dagens skip.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skal minske bergensk giftlok

Forureining frå store skip kan vere med på å bidra til eit såkalla «giftlok» som legg seg over større byar på kalde dagar med stilleståande luft. Tysdag låg ei slikt forureinande lok så tett over Bergen at barnehagebarn i byen ikkje fekk lov til å gå ut. No håpar reiarlaget Fjord Line at nye og meir miljøvenlege skip mellom Bergen og Danmark vil vere med på å redusere giftloket.

– Med dei gassmotorane skipa våre blir utstyrt med blir utsleppet av NOx redusert med 92 prosent samanlikna med utslepp frå skipsmotorar som er drivne med tradisjonell tungolje. Utsleppet av svovel blir fullstendig eliminert, medan utslepp av partiklar blir redusert med 98 prosent, seier administrerande direktør Ingvald Fardal.

Dei to nye cruiseferjene til Fjord Line blir dei første cruiseferjene i verda som siglar på «single fuelled LNG engine», som inneber at framdrifta berre er basert på LNG (Liquefied Natural Gas), og ikkje ein kombinasjon av tungolje og flytande naturgass. (©NPK)

På ekstra kalde dagar i Bergen har lufta blitt så dårleg at den er helseskadeleg. FOTO: Jon Kristian Bernhardsen/Flickr