Uroa over lærarmangel
Innan 2020 vil Noreg mangle mellom 13.000–16.000 lærarar. – Dette kan bli svært alvorleg, seier professor ved Høgskulen i Volda, Kåre Heggen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil mangle over 13.000 lærarar
Noreg toppar statistikken for lærarar over 55 år samstundes som talet på lærarar under 30 år er kraftig redusert på 10 år. Resultatet er at det er for få lærarar til å ta over når dei eldre går av med pensjon. Dette gjer at framtidige arbeidsgjevarar må vere om seg for å kapre lærarstudentane.
– Presset etter kvalifiserte lærarar byrjar å vise seg, seier studieleiar ved Allmennutdanning, Odd Helge Tonheim til Hivolda.no.
Kreativ kamp om studentane
Med 25 stands på årets «Ut i jobbdagen» var det naudsynt for potensielle arbeidsgivarar å vere kreative for å skilje seg ut. Ulstein kommune valde å ta med seg Marthe og Sara på 11 år for å dele ut brosjyrar til studentane. Skulane i Ulstein kommune har kvalifiserte lærarar og god søknad, men konsulent ved oppvekstkontoret Hilde Gry Leer-Salvesen ser for seg at situasjonen kan endre seg i åra framover og at behovet for lærarar også her vil melde seg.
Lærarar med kompetanse innan grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, språk i ungdomsskulen og spesialpedagogikk vil det vere behov for i framtida. Ulstein kommune er i sterk vekst og har ei stor elevtalsauke som følgje av dette.
– Vi kan tilby gode jobbar og varierte arbeidsoppgåver. Vi har nye skular og alle lærarane har eigne kontor, seier Leer-Salvesen, og understrekar viktigheita av at lærarutdanningane som finst ved Høgskulen i Volda. Mange av lærarane i Ulstein kommune har tatt si utdanning ved høgskulen, og ho meiner det er ein god måte å få dei nyutdanna ut i kommunane. Høgskulen har også tilbod om etterutdanning av lærarar.
Ein nyttig dag
Førskulelærarstudentane Maria Langeland og Emelie Lindgren synest «Ut i jobbdagen» er eit godt tiltak for å få informasjon frå forskjellige kommunar.
– Dei var veldig flinke til å ta i mot oss og prate med oss. Det blei litt mykje på ein gang, så det er veldig greitt å få med seg brosjyrar som ein kan sjå i etterpå, seier Langeland til Hivolda.no. Dei er begge frå Sogn og Fjordane og tenkjer seg tilbake til heimfylket på sikt.
Har tru på framtida
Tore Bjørnstad, Knut Erik Bjørklund, Line Risholm Velle studerer alle ved lærarutdanninga på HVO. Tore Bjørnstad har alltid sett for seg å bli lærar, og å få arbeide med ungar er hovudårsaka. Han ønskjer å få jobb utanfor Møre og Romsdal når han er ferdig med utdanninga. Det same gjer Bjørklund og Risholm Velle. Lærarstudentane ser på framtidige jobbmoglegheiter som svært gode, og mogelegheita til å jobbe kor som helst er ein klar appell.
– Du er garantert jobb, eller i alle fall eit saftig vikariat, seier Risholm Velle med eit smil.
Odd Helge Tonheim er studieleiar ved allmennutdanninga i Volda. Foto: Arne Christian Ingvaldsen