Over 40 prosent for Høgre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre får heile 40,1 prosent oppslutnad på ei ny partimåling. Aldri tidlegare i moderne tid har partiet hatt ei så høg oppslutnad.

Det er i partibarometeret til Aftenposten for januar at Høgre går fram med 5,4 prosentpoeng og hamnar på rekordoppslutnaden. Hadde det vore val i dag, ville talet på Høgre-mandat på Stortinget auka frå 30 til 76. Det er berre ni mandat for lite til å få fleirtal på eiga hand.

– Uverkeleg
– 40 prosent er eit uverkeleg høgt tal. Då vi fekk 38 i ei måling i Aftenposten i september, tenkte eg at det var i overkant av det vi kunne håpa på, seier partileiar Erna Solberg.

Ho meiner oppslutnaden først og fremst viser eit ønske frå det norske folk om regjeringsskifte til hausten.

Under sperregrensa
På målinga, som er utført av Respons Analyse, går Arbeidarpartiet tilbake med 1,7 prosentpoeng til 26,5 prosent. Også kollegaene i den raudgrøne regjeringa går tilbake. SV er framleis under sperregrensa med ein oppslutnad på 3,8 prosent (-0,2) og Senterpartiet hamnar også under sperregrensa med 3,6 prosent (tilbake 1 prosentpoeng).

Framstegspartiet går tilbake 2,3 prosentpoeng til 10,7 prosents oppslutnad, medan Venstre går fram med 0,6 prosentpoeng og hamnar på 6 prosent oppslutnad.

Kristeleg Folkeparti får 4,9 prosent (tilbake 1,9), Miljøpartiet Dei Grøne 1,8 (fram 0,9), Raudt 1,4 (fram 0,1) og Andre 1,2 (fram 0,1). (©NPK)

Les meir om politikk her!