Vi er skapt til å hugse Facebook-oppdateringar
Britiske forskarar har funne at vi hugsar slike oppdateringar betre enn både andlet og sitat frå bøker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Difor hugsar du Facebook best
I motsetnad til mykje velredigert tekst er oppdateringar på sosiale medium skrive i eit spontant, naturleg språk som liknar vanleg tale. Det gjer dei lettare å oppfatte, lagre og gjenkalle, melder forskning.no, som viser til forskingsprosjekt utført ved Warwick University.
LES OGSÅ: Korttidsminne viktig for å lære språk
Sladder
I ei undersøking skulle deltakarane prøve å hugse lausrivne setningar, som anten stamma frå statusoppdateringar på Facebook eller kom frå bøker. I ei anna undersøking vart oppdateringane testa mot ulike andlet.
I båe undersøkinga var resultatet det same – deltakarane hugsa oppdateringane betre enn både sitat og andlet.
Forskarane meiner dette kan handle om at slike oppdateringane kan minne om sladder, men at det viktigaste er at dei passar formatet hjernane våre er laga for å oppfatte.
LES OGSÅ: Vil stoppe reklame på Facebook
Munnleg form
Ifylgje forskarane er ikkje språkevna vår utvikla for å handsame nøye gjennomarbeida og polert tekst.
– Ein kan sjå på dei siste fem tusen åra med mødesam, grundig skriving som det unormale. Moderne teknologi lar skriftleg språk gå attende til den avslappa, personlege stilen som karakteriserte kommunikasjonen før litteraturen. Dette er stilen som resonnerar, og vert hugsa, seier professor Nicholas Christenfield, til universitetets heimeside.
LES OGSÅ: Møter helst venner på nettet