Ser mørkt ut for Ishavsbanen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ishavsbanen kjem til å koste om lag 3,5 milliardar euro. Samtidig vil det berre koste ein milliard euro å forbetre bana frå Narvik, via Sverige til Finland.

Kostnadsforskjellen kan vere tunga på vektskåla for kva for eit val finske styresmakter vil gå for. Fordi den finske statsgjelda aukar med ni milliardar euro kvart år, kan dette tvinge finske styresmakter til å sjå etter dei billige løysingane.

LES OGSÅ: Arnstad prioriterer byregionane før lyntog

– I lys av denne informasjonen, ser Ishavsbanens framtid usikker ut, seier strategisjef Mikael Nyberg ved det finske samferdselsdepartementet til NRK.

Skibotn i Troms vart lansert som mogleg startstad for Ishavsbanen då planane kom på bordet. Derifrå var bana tenkt over grensa til Finland, til byen Kolari.

Tanken er å skape ei effektiv transportåre for dei store mengdene med malm som vert frakta frå Finland til Noreg.

LES OGSÅ: – Lønsamt å driva lyntog

I ein rapport meiner derimot finske styresmakter no at transportbehovet for malm ikkje blir så stort som først trudd. I rapporten kjem jernbana dårleg ut, og planane om ei jernbane frå Nord-Noreg til Finland kan dermed bli lagt på is.

Valet om finske styresmakter skal satse på den såkalla Ishavsbanen blir teke til våren. (©NPK)