Nytt lågmål for Frp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Høgre får 35,2 prosent på målinga, ein framgang på 0,9 prosentpoeng, medan Frp fell 2,3 prosentpoeng til berre 11 prosent. Stortingsgruppa til Frp ville blitt meir enn halvert frå 41 til 19 representantar med ein så låg oppslutnad på valdagen.

Arbeidarpartiet får ein oppslutnad på 28,8 prosent, noko som er ein liten tilbakegang på 0,2 prosent. Senterpartiet ligg på 5,1 prosent og SV på 4 prosent, fram høvesvis 0,6 og 0,7 prosentpoeng.

Kristeleg Folkeparti går fram med heile 2 prosentpoeng, og får ein oppslutnad på 7,7 prosent. Venstre får 4,6 prosent, ein tilbakegang på 0.8.

Raudt får 1,3 prosent, medan Miljøpartiet Dei Grøne får 1 prosent på målinga.

Dersom målinga hadde vore resultatet av eit stortingsval, ville dei tre raudgrøne regjeringspartia fått 66 mandat på Stortinget, medan dei borgarlege partia ville fått 102. Høgre og Frp ville fått 79 til saman og ville dermed vore avhengig av støtte frå mellompartia.

InFact har intervjua 2.724 personar i tre separate undersøkingar mellom 9 og 15 januar. Feilmarginen på målinga er maksimalt 1,7 prosentpoeng. (©NPK)