Ikkje så farleg som vi trur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Vi lever i skumle tider. I nyhenda er det drap, væpna gjengar, valdtektsbølgjer, råare vald, innbrotsbandar frå Aust-Europa og lommetjuvar som myldrar på Oslo S. Det finst ingen grunn til å tvile på at kriminaliteten stadig aukar og at Noreg blir eit stadig farlegare land.

Bortsett frå ein ting: Tala til Statistisk sentralbyrå viser noko anna.

Klar nedgang
Vi kan til dømes sjå på SSB sine tal for politimelde lovbrot: I toppåret 2002 vart 319.523 lovbrot melde til politiet. I 2011 var talet kome ned til 264.247. Det er ein nedgang på 13 prosent, sjølv om folketalet i Noreg har auka monaleg i same periode. Talet på melde lovbrot i forhold til folketalet var i 2011 det lågaste på 17 år i Noreg, og det er særleg vinningskriminaliteten som har gått ned det siste tiåret. Talet på valdssaker har vore ganske stabilt kring 25.000 i heile perioden.

LES OGSÅ: Låge drapstal i Noreg

Ser mørkt på det
Det er i prinsippet fullt mogleg å lage gladsaker ut av norsk kriminalitetsstatistikk. Men den utviklinga som tala til SSB syner, har tydelegvis ikkje nådd ut til opinionen i det heile. Publikumsundersøkingane til Politidirektoratet viser kvart år at eit overveldande fleirtal i befolkninga har inntrykk av at kriminaliteten aukar. I fjor svarte til dømes 73 prosent av dei spurde at dei meinte det var blitt meir kriminalitet i Noreg enn året før.

Vi må her ta eit lite atterhald. Når denne artikkelen nyttar tala for 2011, har det ei enkel årsak: Politiet sin statistikk for 2012 blir offentleg først i dag, altså 18. januar. Tala for første halvår tyder på at det vil bli ein viss oppgang i talet på melde lovbrot frå 2011 til i fjor. Om vi kjenner medielogikken rett, er det dermed all grunn til å vente ein straum av oppslag om at kriminaliteten aukar – sjølv om talet på melde lovbrot i Noreg i fjor neppe kjem i nærleiken av det det var for ti år sidan.

LES OGSÅ: Dagens ungdom er snillare

Betre låsar
– Det er rimeleg å tru at talet på vinningsbrotsverk har gått noko ned i Noreg det siste tiåret, meiner Leif Petter Olaussen, førsteamanuensis ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved UiO.

– Statistikken seier ikkje noko om at befolkninga har blitt heiderlegare, men vi veit at det har blitt vanskelegare å gjere mange typar brotsverk enn det var.

Olaussen viser til at både bilar og bustadhus har blitt utstyrte med alarm og betre låsar. Ei anna årsak er truleg at marknaden for stolne varer har krympa inn, meiner han.

– Mange typar tjuvegods har blitt vanskelegare å få omsett. Elektroniske varer blir fornya så fort at dei ikkje er så attraktive å stele. Og nordmenn har betre råd, så det er færre som ønskjer å kjøpe stolne varer. Noko tjuvegods blir sendt ut av landet, men ikkje nok til å vege opp for marknadssvikten i Noreg.

Fred på guterommet
Olaussen peikar òg på ei tredje årsak – det som i andre samanhengar blir omtalt som ein forfallstendens: Dei unge er mindre fysisk aktive enn før.

– Unge gutar sit meir heime på rommet med datamaskina enn før. Dei brukar mindre av den kreative energien sin til å stele bilar og knuse gatelykter.

Olaussen meiner at nye registreringsrutinar kan ha bidrege litt til nedgangen i melde lovbrot siste tiåret. Folk må no gjere meir eigeninnsats for å få meldt ei sak.

– Men også tidsseriane til SSB, der eit utval av befolkninga blir spurde om dei har vore utsette for noko kriminelt siste året, tyder på at kriminaliteten i Noreg er ganske stabil.

LES OGSÅ: Politiet går inn for væpna mannskap

Politisatsing
Kva med dei som har som oppgåve å stogge kriminaliteten? I den same perioden som talet på brotsverk i Noreg ser ut til å ha minka, har det blitt satsa stort på å auke kapasiteten til politiet. Det siste tiåret har løyvingane til politiet auka med 80 prosent i nominelle tal. Berre frå 2004 til 2011 er dei årlege løyvingane til politi- og lensmannsetaten auka frå 7,2 milliardar til 12 milliardar – ein realauke på 45 prosent på berre sju år. Det må kallast ei storsatsing.

Lite utslag
Men når vi så veit at talet på politimelde lovbrot har gått ned det siste tiåret, og at løyvingane til politiet har auka så det monar, er det interessant å sjå på eit tredje tal: oppklaringsprosenten, som ofte blir brukt som ein målestav på kor godt politi vi har. Ressursmangelen i politiet er ei vanleg forklaring på at så få melde saker blir oppklarte.

Politi- og lensmannsetaten har faktisk fått nesten dobbelt så mange kroner til rådvelde per lovbrot frå 2002 til 2011. Det verkar rimeleg å tru at dette skulle gje store utslag på kor mange saker som blir oppklarte. Men auken er heilt marginal. I 2002 var oppklaringsprosenten på 36, i 2011 var oppklaringsprosenten 38. Det kan verke rart. Men det er ikkje rart i det heile, meiner Olaussen.

LES OGSÅ: I fengsel for første gong

Rett på hylla
– Det klart viktigaste for oppklaringsprosenten er kor mange «ferdige pakkar» politiet får inn. Eit typisk døme er promillekontrollar der politiet står i vegkanten. Om nokon testar positivt, er saka ferdig oppklart. Om det derimot er eit innbrot utan vitne eller spor på åstaden, hjelper det ikkje med større ressursar. Da hamnar saka på hylla.

Mange politikarar har hatt ei naiv tru på at meir ressursar automatisk fører til høgare oppklaringsprosent, meiner Olaussen.

– Dersom problemet var at politiet ikkje klarte å få sakene gjennom systemet, ville meir ressursar hjelpe. Men det er ikkje det som er problemet.

Frir til publikum
Dei undersøkingane som viser at eit stort fleirtal i Noreg trur at kriminaliteten aukar, er ikkje brukande til noko, meiner Olaussen.

– Det dei tala viser, er at folk trur ting er verre enn dei er sett frå lang avstand. Blir folk derimot spurde om sitt eige nærmiljø, svarar dei langt meir nøkternt og realistisk.

– Men opplevinga av at kriminaliteten aukar kan ha politiske konsekvensar. I partiprogrammet til Frp blir det slått fast at stadig fleire nordmenn blir utsette for kriminalitet?
– Politikarar må klare å sjå på realitetane. Men Framstegspartiet har alltid spelt på slike førestellingar. Det er eit reint publikumsfrieri, meiner Leif Petter Olaussen.

LES OGSÅ: Norske fengsel er stappfulle

Trur ikkje på statistikken til SSB
Nestleiar Per Sandberg i Frp let seg ikkje overtyde av tala til SSB. Han held fast på at kriminaliteten aukar i Noreg.

Sjølv om tala til politiet og SSB tyder på at kriminaliteten i Noreg minka frå 2002 til 2011, står dette å lese i programmet til Framstegspartiet:

«Stadig flere opplever å bli utsatt for vold, tyveri eller andre straffbare handlinger uten at myndighetene er i stand til å rydde opp i dette på en god og rask måte. Årsaken er i stor grad knyttet til for lave bevilgninger til politi og domstoler over mange år.»

Per Sandberg, nestleiar i Frp og leiar i Justiskomiteen, trur ikkje på statistikken til SSB som tyder på at kriminaliteten i Noreg har minka.

– Eg har vanskeleg for å tru at kriminaliteten i Noreg skal ha gått ned med 13 prosent sidan 2002. Mørketala er truleg større enn før, seier Sandberg.

– Mange straffbare handlingar blir i dag ikkje melde til politiet, fordi folk ikkje trur at sakene vil bli etterforska. Og mange som vil melde saker, blir bortviste fordi politiet ikkje har kapasitet.

QUIZ: Prøv deg på den store jussquizen!

– Men om det ikkje finst statistikk som underbyggjer at kriminaliteten har auka, kva byggjer påstanden i programmet dykkar på?
– Den byggjer på det verkelege biletet. Vi snakkar med folk i politiet og ved domstolane, og vi ser at fengsla er overfylte. Det er mange saker som ikkje kjem til overflata.

– I programmet dykkar står det om «lave bevilgninger til politi og domstoler over mange år». Men ein realauke på 45 prosent på berre sju år er vel bra?
– Det er rett. Men politiet var underdimensjonert før den auken, og har fått mange nye oppgåver. Og talet på politifolk har ikkje følgt med auken i folketalet i Noreg. Målet er at vi skal ha to politifolk per 1000 innbyggjarar, men det har i staden gått ned frå 1,8 til 1,45. Vi treng framleis eit løft i løyvingane.

– Men pengar løyser ikkje alt. Sjølv om løyvingane er nesten dobla per melde lovbrot sidan 2002, har ikkje oppklaringsprosenten auka nemneverdig?
– Nei, det er ikkje berre å pøse inn pengar. Det trengst òg strukturelle endringar som frigjer politifolk til operativt arbeid. Og kanskje bør vi sjå på pensjonsalderen. At politifolk pensjonerer seg når dei er 57 eller 58, liknar sløsing, seier Sandberg. 

LES SAKA I DAG OG TID!