Politiet går inn for væpna mannskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går inn for væpna mannskap

Vedtaket blei ifølgje VG fatta på landsmøtet til forbundet i Molde klokka 10.55, og utfallet av avstemminga har blitt oppfatta som overraskande.

– Denne debatten hadde vore heilt annleis dersom Politidirektoratet og Justisdepartementet hadde teke på alvor vedtaket vårt frå landsmøtet i fjor. Det er ei stor skam at det går an, sa forbundsleiar Arne Johannessen frå talarstolen torsdag formiddag.

Han gjorde det då klart at han i år ville stemma nei til væpna politi, men at han gjer heilomvending om eitt år om ikkje styresmaktene då har følgt opp vedtaket om væpning frå landsmøtet 2011. Han rådde medlemmene til å gjera som han, men fleirtalet valde likevel å gå inn for at alle uniformerte politifolk skal bera våpen med ammunisjon lett tilgjengeleg. Alternativ skal tilgangen på våpen bli enklare og raskare, til dømes at våpen er tilgjengeleg i patruljebilane.

Får motstand frå AUF og KrF
AUF-leiar Eskil Pedersen vil ikkje at våpen blir ein del av uniformen til norsk politi i framtida:

– Eg er for å gå gjennom rutinane for væpningsordre slik at politiet kan få tilgang til våpen når det er nødvendig. Men AUF er sterk motstandar av generell væpning. Det gjør oss ikkje tryggare, seier han til VG Nett.

Også justispolitisk talsmann i Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, går ut mot forslaget.

Kva meiner du? Bør politifolk bera våpen heile tida? Eller berre ha det i bilen, og ta det fram når det er bruk for det?