Elevane sit meir stille

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar frå 5.-7. klasse har krav på minst 76 timar fysisk aktivitet i tillegg til kroppsøving. I snitt får elevane 102,1 timar fysisk aktivitet, som er ein nedgang på 2 prosent frå i fjor. Dette syner tal Kommunal Rapport har henta inn.  

Flest timar får elevane i Granvin i Hordaland, med 372 timar fysisk aktivitet utanom kroppsøvingstimane. Minst får elevane i Flekkefjord i Vest-Agder, med 17 timar. I alt gjev 16 av landets kommunar elevgruppa mindre fysisk aktivitet enn dei 76 pålagte timane.

LES OGSÅ: Vil ha mindre fotball

Ikkje ungdomsskulen
Generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt, synes ikkje nedgangen på 2 prosent er dramatisk. Ho meiner problemet er at ordninga berre gjeld mellomsteget.  

– Graden av inaktive for større ungar er urovekkjande, seier ho til Kommunal Rapport.    

Saman med Kreftforeningen, Norsk Fysioterapeutforbund, Legeforeningen og Norges Idrettsforbund, har Nasjonalforeningen for folkehelsen formulert fleire krav til regjeringa om fysisk aktivitet i skulen. Mellom anna om minst ein time fysisk aktivitet kvar dag for alle elevar.

LES OGSÅ: Lærer meir i andre fag av gym

Positivt
Statssekretær Elisabet Dahle (SV) i Kunnskapsdepartementet tykkjer nedgangen er liten. Ho peikar på at 369 kommunar gjev ungane på mellomsteget meir fysisk aktivitet enn dei må, og at dei i snitt gjev elevane 26 timar ekstra.

– Det viser at kommunane prioriterar å syrgje for at elevane er i fysisk aktivitet, og veit fysisk aktivitet er viktig både for læring og i eit folkehelseperspektiv, seier ho til Kommunal Rapport.  

LES OGSÅ: Me sveittar meir enn før