Studentar svindlar Lånekassa for millionar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar svindlar for millionar

Når studentane søkjer om støtte frå Lånekassa, oppgjev dei om dei bur saman med foreldra eller ikkje. Det er berre studentar som bur borte frå foreldra, som har rett til å få gjort om lån til stipend etter bestått eksamen.

– Ordninga er basert på tillit. Dei aller fleste studentane er ærlege, men me veit at det er nokre som oppgjev at dei er bortebuarar, medan dei faktisk bur saman med foreldra. På denne måten juksar dei til seg stipend dei ikkje har rett til. Dette er misbruk av samfunnet sitt velferdsgode, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassa.

Kan få store konsekvensar
Kontrollen viste at 45 av dei 1.000 studentane som vart kontrollert, ikkje kunne dokumentere at dei budde borte i undervisningsåret 2011–2012, slik dei hadde oppgjeve. Reaksjonane til lånekassa på misleghald av opplysingsplikta er strenge.

– Å gje urette opplysningar om bustad er svært alvorleg og kan ha store konsekvensar. Den vanlegaste reaksjonen er at studentane mistar retten til støtte, betalingsutsetting og rentefritak i like mange semester som dei har gjeve urette opplysningar. I dei alvorlegaste tilfella kan studentane mista retten til studiestøtte for alltid, noko som kan tyda at dei aldri får gjennomført den utdanninga dei hadde planlagt. Grove tilfelle kan bli meld til politiet, seier Andreassen.

Kan ha vorte svindla for 72 millionar
56.000 av studentane som oppgav at dei budde borte i 2011–2012, studerte så nær foreldreheimen at dei kunne budd heime. I gjennomsnitt fekk bortebuarar 28.500 kroner i stipend førre undervisingsår:

– Viss 4,5 prosent av desse 56 000 oppgav at dei budde borte for å få stipend, medan dei eigenleg budde heime, tyder det at Lånekassa kan ha vorte svindla for 72 millionar kroner førre studieår, fortel Andreassen.

Det totale mengda studentar som oppgav å bu borte i 2011–2012, var 178.000. Statistisk sett kan 1,4 prosent av desse ha misbrukt utdanningsstipendordninga.

Får inn tips frå ærlege studentar
Lånekassa gjennomfører bukontrollar jamleg, nokre er store, andre er mindre. Den førre store bukontrollen, som vart gjort i 2011, viste at 3,6 prosent av dei kontrollerte jukset til seg stipend.

– Vi får dessutan stadig inn tips frå ærlege studentar som kjenner til nokre som juksar. Vi følgjer opp alle tipsa, seier Andreassen.