Borten Moe vil bore i Lofoten allereie i år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljeministeren er oppteken av at det ikkje er regjeringas politikk å bore i Lofoten i denne stortingsperioden, men Ola Borten Moe meiner det er på tide å starte leiteboringa i området, skriv Teknisk Ukeblad.

– Eg har tilrådd det eg vil kalle ei forsiktig, skrittvis vidare utvikling. Ei tilnærming som vi kjenner godt frå norsk sokkel allereie. Lat oss i første omgang få meir aktivitet i allereie opna areal i det nordaustlege Norskehavet, inklusiv den opna delen av Nordland VI, seier Borten Moe.

Han stadfestar at det etter det han meiner er på tide å starte leiteboring i dette området.

LES OGSÅ: Jublar for olje-nei på landsmøtet

Kan skje frå hausten av
– Dette kan skje frå hausten av. Lat oss gjennom dette leggje til rette for nokre leitebrønnar fram til 2020. Leiteboringar er naudsynte for å finne ut kva for nokre ressursar som faktisk er i området. Etter mi meining stadfestar dei studia som har blitt gjort at det ikkje er særlege miljømessige forhold som tilseier at vi ikkje kan ha petroleumsverksemd i området, seier Borten Moe.

Men statsråden får motstand frå blant anna SVs Snorre Valen.

– Han bør styre på vegner av stortingsfleirtalet som seier at han ikkje skal bore etter olje i Lofoten og Vesterålen, seier Valen til NRK.

LES OGSÅ: Deler ut 51 utvinningsløyve

Snuoperasjon
Valen meiner det er spesielt at ein statsråd ytrar personlege meiningar på sida av det som er regjeringas politikk – spesielt i ei så omstridd sak som oljeverksemda i Lofoten og Vesterålen.

– Regjeringa og Stortinget har bestemt at vi ikkje skal bore etter olje der, og då føreset det at alle statsrådane står inne for det, seier Valen.

Heller ikkje i sitt eige parti har ministeren stor støtte. I forslag til nytt partiprogram går Senterpartiet inn for å verne heile området i den neste stortingsperioden også.

Borten Moe, som vil jobbe for ein snuoperasjon i partiet, seier han trur det vil bli ein ordentleg diskusjon rundt temaet. (©NPK)