Vi blir stadig meir opptekne av å eta sunt, men emballasjen som maten er pakka inn i kan innehalda miljøgifter som hopar seg opp i kroppen, viser ny forsking.

Hermetikkboksar kan mellom anna innehalda miljøgifta Bisfenol a (BPA), eitt av verstingstoffa, fortel Aftenposten. Det same kan lokket på syltetøyglasa du kjøper. Stoffet er også vanleg i plastflasker.

Avisa fortel at forsøk med dyr har vist at BPA påverkar hormonproduksjonen og forplantingsevna. Det blir også reist spørsmål om stoffet kan auka risikoen for nokre typar kreft og hjartesjukdomar.

Også i pappemballasje er det funne fleire tvilsame miljøgifter. Aftenposten skriv at matprodusentane no førebur seg på at det kjem til å koma strengare reglar for matemballasje. Det blir mellom anna spådd at all hermetikk kjem til å forsvinna og bli erstatta av andre innpakningar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 12. april 2017 14.00

Kommentarar

ANNONSE