Vil ha omkamp om asylborna

Eskil Pedersen varslar ny kamp om asylbarnas rettar på Arbeidarpartiets landsmøte til våren.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag var det fleire større demonstrasjonar mot politikken til regjeringa overfor asylbarn og rettane deira. No vil AUF at regjeringa endrar politikk.

– Me må slå fast at tilknytinga til borna skal vege tyngre enn innvandringsregulerende omsyn. Stortinget har vedteke at det skal tilleggjast stor vekt, men vi ynskjer at det skal tilleggjast meir vekt. Det er ikkje riktig at ein meir liberal politikk overfor desse borna gjer at det vil kome ei bølgje av nye asylsøkere, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

LES OGSÅ: Det handlar om å hugse

– Mange lokalpolitikarar ser frå tid til anna døme i nærmiljøa sine på godt integrerte familiar med born i barnehage eller skule som blir sendt ut. Det skapar ikkje tiltru til asylpolitikken, og eg trur vi skal få fleirtal på landsmøte for synet vårt. seier Pedersen.

Arbeidarpartiets landsmøte finn stad i Oslo 18. til 21. april.