– Vil få fram kva ungdom meiner

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss er det viktigaste å få fram kva ungdommen i bygda meiner, diskutere og finne løysingar på det, forklarar leiar Jostein Venås, Jakob Mestvedthagen, Ingvild Haugo og Marte Mestvedthagen i Hemsedal Ungdomsråd.

Sakene involverer ofte idrett og kultur. Det kan vera etablering av ein hockeybane eller lys på fotballbanen.

– Vi jobbar med bitte små ting til svære ting. Det treng ikkje vera så stort, for også små ting kan vera med å gjere tilveret betre for ungdommar i Hemsedal, forklarar ungdomsrådet.

LES SAKA: Kven skal snakka ungdommen si sak?

Mot kommunestyret
Ungdomsrådet jobbar både med opplegg for ungdom, som disko, og dei uttalar seg i ulike saker.

– Det er viktig å vise at vi finst.

I ein sak om skjenkjeløyve i skiheisen gjekk dei mot fleirtalet i kommunestyret, fordi dei meiner idrett og alkohol ikkje høyrer saman. Framover vil dei fokusere på skulemiljøet.

– Vi vil at alle skal trivast på skulen og det er det ikkje alle som gjer i dag. Vi har mellom anna gjennomført ei undersøking på mellomsteget, og meiner dette er viktig å jobbe meir med.

LES OGSÅ: – Slik bør ungdom få meir makt

Demokratiske
Medlemmane i ungdomsrådet vert valt inn frå klasse på ungdomsskulen og vidaregåande, ungdomsklubben, Hemsedal idrettslag og Hemsedal kristne ungdomslag.

– At vi er vald frå ulike stader gjev oss eit breitt perspektiv. Det er veldig viktig at vi er eit demokratisk råd, og at vi evnar å fange opp det majoriteten av ungdommar i Hemsedal er opptekne av, avsluttar Jostein Venås, Jakob Mestvedthagen, Ingvild Haugo og Marte Mestvedthagen.

Men slik er det i langt frå alle ungdomsråd.

– Dei færraste gjennomfører val, sjølv om ein del gjer det, forklarar forskar ved Senter for forskning på sivilsamfunn & frivillig sektor, Guro Ødegård. Kor representative ungdomsråda er, meiner ho det er eit felt det er forska for lite på.

– Vi veit for lite om kven som faktisk sit i ungdomsråda, men det er ikkje usannsynleg at det er ungdommar frå den same sosioøkonomiske gruppa som engasjerar seg i til dømes ungdomspartia, held ho fram.

Ikkje formell makt
Ødegård peikar på at mange ungdomsråd vert lytta til, og ofte har midlar til disposisjon. Samstundes har dei ikkje nokon formell myndigheit. 

– Dette må sjåast i samanheng med sjølve lokaldemokratiet, der det er kommunestyra som fattar vedtak. Likevel kan ungdomsråda kome med viktige innspel, men då må politikarane vera lydhøre, forklarar ho. Samstundes meiner ho ungdomsråda kan ha problem med å finne sin form, fordi dei er etablert ovanfor og ned, og slik skil seg frå andre ungdomsorganisasjonar.

LES OGSÅ: Meir ungdomsmakt i kommunane

Lokal kultur
– Aktiviteten i ungdomsråda går ofte i rykk og napp, og kviler mykje på kven som sit der, forklarar Ødegård.

Korleis kan ungdomsråda få meir reell påverknad?

– Dei må vera reelle høyringsorgan. Å gje ungdommane kilovis med sakspapir er ikkje nok. Det er den politiske bodskapen som må formidlast. Ungdommar må òg stillast overfor nye problemstillingar, utanom eldreomsorg, barnehagedekning og skatt. Ødegård understrekar at det er kombinasjonen av form og relevans, som skapar engasjement.

Ho meiner og kultur for ungdomspåverknad vert skapt lokalt,  og at det er forskjellar på kva status ungdomsråda har i lokaldemokratiet.

– Ungdomar må ikkje spørjast for å spørjast. Dei vaksne politikarane må etterspørje ungdommanes faktiske kompetanse.