Solid medlemsvekst i Målungdomen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – 1000-grensa er ein milepåle for organisasjonen. Det byrjar å verta nokre år sidan me låg stabilt på dette nivået, men no er me stolte over å vera tilbake dit – og me skal veksa vidare, smiler ein offensiv Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Kjærkomen støtte
– Målsaka er i bokstaveleg tala i vinden for tida. Me har møtt mykje motvind frå utdanningsstyresmaktene i spørsmålet om kva rolle sidemålsopplæringa skal spela i norskfaget, men me har sanneleg også mykje medvind frå vervande aktivistar og nyinnmelde medlemer, seier Sture.

LES OGSÅ: Vil kalle opp Oslo S etter Ivar Aasen

Frå Alta til Kristiansand
– Me er nøgde med at mange årskull er godt og jamt representerte på innmeldingsstatistikken. Det viser at dette ikkje berre er eit blaff, men eit godt utgangspunkt for vidare framgang. Likeins er me nøgde med å ha fått innmeldingar frå alle kantar av landet – frå Alta i nord til Kristiansand i sør, seier Sture.

Etter gjennomgangen av medlemslister og kontingentbetalingar for 2012, ligg det førebelse talet an til å verta 1012 betalande medlemer under 26 år. Medlemstalet skal stadfestast av revisor seinare i vinter.