Ei ideologisk fortaping

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når folk engasjerar seg i lokalpolitikk, er dette for å kunne utgjera ein skilnad. For å kunne utfalde seg og setja sitt preg på lokalsamfunnet. Dei raud-grøne dirigentane har diverre nedgradert lokale folkevalde til gallionsfigurar for det sosialistiske fleirtalet på Stortinget.

Sosialismen har mange fellestrekk med kommunismen. Sosialistane ser ein sterkt stat, sterk statleg styring og dermed mindre fridom for den enkelte til å ta sine val, som naudsynt for å oppnå sine politiske mål. På same måten som kommunistane, arbeider sosialistane for eit samfunnssystem der privat eigedomsrett i størst mogleg grad forvitrar og storparten av produksjonsmidlane skal overførast til Staten. Alle forsøk på å effektivisere ein stadig veksande offentleg sektor slått sønder og saman av fagrøyrsla og regjeringa.
Senterpartiet har tradisjonelt kjempa for ein motsett politikk. Dei siste sju åra tyder på at dei no har mista kontakta med eigne veljarar. Kanskje er det at SP har gått bort frå dei grunnleggjande, verdikonservative idèane, grunnen til at partiet og veljarane er på vikande front? Politikken som verna om den private eigedomsretten og arbeidde for å utvikle eit sterkt lokalt sjølvstyre, smuldrar stadig opp mellom fingrane på Liv Signe Navarsete. Dette er gløymt politikk. Sosialistane vinn fram på område etter område.
Aldri tidlegare har så mykje makt og mynde vorte sentralisert til staten, som under den raud-grøne regjeringa. Det statlege byråkratiet eksploderer, fordi sosialistane bygger opp ei styringsform der staten skal styre utan tillit til lokalpolitikarane – ein tendens som for meg framstår som skremmande og som ei fare for lokalt demokrati og rekruttering av folkevalde.

Arbeidet med forvaltningsreforma havarerte allereie i 2008. Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa måtte den gongen gje opp planane om å overføre makt frå staten til regionane. Sosialistane vann den interne kampen i Regjeringa og etter dette har det ikkje vore mogleg og sjå teikn til nye ambisjonar på området korkje frå Senterpartiet eller frå kommunal- og regionaldepartementet som partiet styrer.

Den statlege overstyringa kjem godt til uttrykk i mange distriktssamfunn der utvikling og etablering av næringsverksemd i aukande grad handlar om å kjempe mot Regjeringa sin forlenga arm, Fylkesmannen.

Dagens kommunestruktur fører meir makt og mynde ut av kommunestyresalen og over i interkommunale selskap og regionale samarbeid. Mange kommunar er kvar for seg for små til å løyse oppgåvene. Difor må kommunane føre meir makt over til samarbeidsorgan, der avgjerdene i praksis vert fatta av organ som ikkje står direkte til ansvar for folk flest ved val. Kommunestyret vert i mange tilfelle eit «sandpåstrøingsorgan» utan reel makt. SP og regjeringa gøymer seg bak pengebunkar til kommunane, kvar gong dei blir konfrontert med det lokale sjølvstyret og organisering av kommunane. Det hjelp lite med store pengebunkar, når pengane er innsausa og øyremerkinga. Den dagen det politiske handlingsrommet er borte, er det økonomiske handlingsrommet også berre symbolsk og på grensa til parodisk.

Store skilje mellom dei største og dei minste kommunane er i ferd med og utvikla seg.

Initiativ om å sjå på kommunestrukturen vert som regel torpedert av lokale ordførarar og sentraladministrasjon. Ikkje så rart sidan dette i mange høve vil handle om og gjere eige funksjon overflødig. Ordførarane burde melde seg inhabile straks spørsmålet om kommunestruktur kjem opp, fordi dei har høge godtgjersler og personlege økonomiske og yrkesmessige motiv for at elles fornuftige endringar ikkje må skje.

I Høgre vil vi ta lokaldemokratiet på alvor. Dette gjer at vi stadig får fleire medlemmar frå parti som tradisjonelt har forfekta dette grunnsynet. Når ein fortapar sitt ideologiske grunnsyn, fortapar ein også sine visjonar og sin funksjon. Da er det bra at andre står klare til å ta over – med nye idèar og betre løysingar.