Folk trivst best på større stader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her trivst folk best

I ei undersøking Sentio har gjort basert på 20.000 intervju, er det Asker som skårar best når det kjem til innbyggjarane sin trivsel, skriv Nationen.

85 prosent av personane som blei intervjua i Asker svarte at dei var nøgde eller svært nøgde med å bu og leve i kommunen.

Professor ved Geografisk institutt ved NTNU, Britt Engan Dale, er litt overraska over at så mange byar kjem godt ut i undersøkinga.

LES OGSÅ: Bybuarar trivst best i Noreg

– Hovudinntrykket frå andre undersøkingar er at det er innbyggjarane i mellomstore byar som trivst best. Der er det rolegare, mindre kø og betre for barn å vekse opp, seier ho.

Det er Akershus, Nord-Trøndelag, Rogaland og Vest-Agder som har dei mest nøgde innbyggjarane. Mest misnøye er det i Nordland, Troms, Finnmark og Hedmark.

Dale trur likevel det er stor variasjon frå kommune til kommune i desse fylka.

– Det er utruleg mange faktorar som spelar inn når folk blir spurde om ein trivst eller ikkje. Ein vurderer ulikt frå stad til stad, seier ho.

LES OGSÅ: – Ein sinnsjukt bra plass

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Faktaboks

Kommunane der folk trivst best:
1. Asker
2. Kristiansand
3. Stavanger
4. Sandnes
5. Trondheim
6. Verdal
7. Oslo
8. Melhus
9. Vikna
10. Bergen
(Kjelde: Sentio/Nationen) (©NPK)