Fleire og fleire les Framtida.no – samstundes bruker me meir ressursar på eigen journalistikk.

mm

Fleire lesarar
I løpet av heile 2012 har over 200.000 unike brukarar vore innom Framtida.no. Det er 30.000 fleire enn i 2011.

Trafikken har auka både dagleg og vekentleg. Samanlikna med desember i 2011 har dagstrafikken til Framtida.no auka med 60 prosent på eitt år, til kring 1650 unike om dagen.

I løpet av ei veke er trafikken no på vel 7500 unike brukarar. Opp 25 prosent frå same periode i fjor.

Dette var mest populært på Framtida.no i 2012!

Meir eigenprodusert stoff
I løpet av 2012 har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande to årsverk. I tillegg har me hatt ein journalist i praksis i åtte månader.

I mars lyste me ut etter sommarvikarar, og fekk mange godt kvalifiserte søkjarar. Det blei til slutt tilsett fem sommarvikarar, alle med variert bakgrunn både med omsyn til erfaring, interesser, utdanning og heimstad.

Samanlikna med sommaren 2011, då me hadde liten aktivitet, gjekk trafikken opp med mellom 40 til 100 % kvar av sommarvekene. Fleire av sommarvikarane har heldt fram med å skriva for Framtida.no om hausten.

I desember 2011 publiserte Framtida.no 122 artiklar. 51 av desse av eigne journalistar og skribentar. I 2012 var talet 76 eigne artiklar av totalt 164 artiklar. I juli 2012 publiserte me 183 artiklar. 85 av desse var eigenproduserte. På same tid i 2011 publiserte Framtida.no 75 artiklar. 16 av desse var eigenproduserte.

Journalistikk som blir lagt merke til
I løpet av året har me fått omtale eller blitt sitert 72 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Det er ein auke frå i fjor. Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt 319 gonger i norske medium i 2012, mot 103 gonger i 2011.

ABCNyheter har brukt 36 saker frå oss i år, medan dei brukte 15 saker i 2011. Fleire av sakene har sett dagsrekord for lesne saker hjå dei. Både NTB og NPK har sitert fleire saker frå oss.

Fleire samarbeidspartnarar
Me helsar Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Ryfylke, Tysvær Bygdeblad og Vikebladet Vestposten som nye samarbeidspartnarar i løpet av året. Og framleis samarbeider me med lokalavisene Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Hordaland, Kvinnheringen, Sogn Avis, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest og Under Dusken. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på mykje godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenking til nettavisene deira.

Fleire aviser har i tillegg vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Med Magasinett har me samarbeidd om to skrivekonkurransar og ein fotokonkurranse i løpet av året.

Økonomi
I 2012 støtte Kulturdepartementet Framtida.no med 300.000 kroner. ABC Startsiden og Landssamanslutninga av nynorskkommunar støtta med 200.000 kroner kvar.

På forsommaren fekk Framtida.no 30.000 kroner frå Oslo Nye Sparebanks Fond til ein artikkelserie om nynorske heltar, der mellom anna Arne HjeltnesHadia Tajik og Maria Parr blei intervjua. Seinsommaren fekk Framtida.no 20.000 kroner frå Eurodesk til å utvikla ei temaside for studiar og jobb i utlandet.

I desember blei Framtida.no tildelt 50.000 frå Fritt Ord til ein artikkelserie om det politiske i språket, og 70.000 kroner frå Riksfondet for nynorsk i pressa til eit språkjournalistprosjekt i samband med Språkåret.

Elles har me fått meir inntekter frå annonser i 2012, og budsjetterer med auka inntekter i 2013.

Abonnement
I 2012 er det fleire aviser som har byrja å leggja ut nyhendeboksar på sidene sine. Me har òg gjort det mogleg for brukarane våre å abonnera på rss-feedar frå kvart enkelt tema, anten det er snakk om politikk, litteratur, yrkesval eller siste nytt om fråfall i vidaregåande skule. Les meir om dette og korleis du klikkar deg til meir nynorsk her!

Planar for 2013
I 2013 planlegg me å skriva mykje om språk. Me vil òg dekkja stortingsvalet grundig, og vil markera at det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg, og sjå på korleis demokratiet vårt kan bli utvida ytterlegare.

Me vil òg invitera fleire aviser, skular og kommunar til å samarbeida med oss. Målet er framleis å vera eit lokomotiv for nynorsken saman med Startsida.no og LNK.no. Dette året satsar me med endå større kraft!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2011 her!

Har du tips til oss korleis me kan bli endå betre – ta kontakt med Svein Olav Langåker på epost eller del tankane dine i kommentarfeltet under!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE