Nordmenn bruker 3,5 timar i veka på aktivitetar som gjer oss sveitte eller andpustne.

mm
Faktaboks

Så lang tid bruker nordmenn i løpet av ei vanleg veke på aktivitetar som gjer deg andpusten eller sveitt:

Inga tid: 5 prosent
Under 30 min: 2 prosent
30-59 min: 4 prosent
1-2 timar: 15 prosent
2-3 timar: 16 prosent
3-4 timar: 14 prosent
4-6 timar: 22 prosent
6 timar +: 19 prosent

Desse aktivitetane gjer me:

Organiserte idrettsaktivitetar: 25,8 prosent
Treningsstudio: 46,3 prosent
I arbeidstid eller skoletid: 23,1 prosent
På tur eller trening med hund eller anna husdyr: 25,4 prosent
Annan tur eller trening i park, grønt- eller naturområde: 75,7 prosent.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Mange vil nok vera overraska over det høge talet, men eg trur det stemmer ganske godt. Det betyr at nordmenn flest faktisk er så aktive som styresmaktene tilrår, nemleg ein halvtime om dagen, seier direktør Erik Dalen i Ipsos MMI som har gjennomført undersøkinga for Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO).

Dalen har gjennomført ei rad liknande undersøkingar opp gjennom åra.

– Me har spurt folk kor lenge dei sveittar og er andpustne. Då får vi også med aktivitetar som ikkje er direkte trening, og også eit litt høgare tal. Men det er i samsvar med den utviklinga vi ser i dei andre undersøkingane. Nordmenn er meir aktive enn for 25 år sidan, seier han til Newswire.

LES OGSÅ: – Treningssenter er ikkje for alle

Ut på tur
Ifølgje undersøkinga er tur og trening i naturen det me gjer desidert mest av. Mykje meir enn vi driv organisert idrett og er i helsestudio.

Undersøkinga vekkjer glede i FRIFO.

– At friluftsliv er den føretrekte aktiviteten når nordmenn skal vera aktive, er eit godt argument for at helsestyresmaktene i langt større grad bør støtta tiltak som tilrettelegg for tur- og friluftsaktivitetar, seier generalsekretær Lasse Heimdal i FRIFO.

LES OGSÅ: Treninga med livet

Men stadig tyngre
Berre fem prosent av oss er aldri sveitte eller andpustne i løpet av ei gjennomsnittsveke. Resten er til dels svært aktive.

Sidan me i denne perioden stadig har vorte tyngre, må det ha ei anna forklaring enn stillesitjing, meiner han.

– I gamle dagar bidrog hardare fysisk arbeid og lite bilkøyring til at folk var meir fysisk aktive kvar dag. Men dei siste 20– 30 åra har desse faktorane vore ganske stabile, så personleg trur eg vektauken heller skuldast andre faktorar, seier han.

Ifølgje undersøkinga er tur og trening i naturen det vi gjer klart mest av, langt meir enn vi driv organisert idrett og er i helsestudio, melder det oppdragsfinansierte nyheitsbyrået Newswire.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE