Vil ha blilyst

 Politikarane skal ha kvinne 28 år i panna, og ungdom på veg til å flytte ut skal få lyst til å bli. Det er av måla til Hallingdal 2020. 

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Har ikkje ungdommane eit positivt forhold til regionen, flyttar dei ikkje heim. Vi vil at ungdom skal ha blilyst når dei er på veg til å flytte ut, og slik ynskje å kome attende til Hallingdal etter enda utdanning, forklarar prosjektleiar Ulrikke Ytteborg.

Derfor har Hallingdal 2020 vald ungdom mellom 15 og 25 år, som ei av hovudmålgruppene sine, saman med kvinne 28 og hyttefolk. I prosjektet som skal posisjonere Hallingdal, og sikre regionen ei bærekraftig framtid.

Auke i folketal
– Hallingdal er ein av få fjellregionar med auke i folketalet, men det er likevel viktig for oss å gjere noko no. Mellom anna for å få ei jamnare alderssamansetnad, og for å tydeleggjera oss som bu og arbeidsregion, forklarar Ytteborg.

Dette er bakgrunnen for det 3-årige prosjektet Hallingdal 2020. Prosjektet er drive av Regionrådet for Hallingdal, og har vorte tilkjent i overkant av tre millionar i statlege bulystmidlar.  

– Noko av det viktige med prosjektet er at heile regionen står samla, og at alle kommunane klarar å samarbeide. Det er ikkje så mange slike regionale utviklingsprosjekt i Noreg, derfor har vi mellom anna sett til Dalarna i Sverige og kva dei har gjort der, held Ytteborg fram.

LES OGSÅ: – Sjokkert over kreativitetsmåling

Vil heimatt
Med ung halling som ei hovudmålgruppe, ynskjer prosjektet å syne ungdommar kva moglegheiter som finst i regionen, mellom anna med tanke på arbeid. Hallingdal 2020 har møtt ungdom på yrkesmesse og samarbeidar aktivt med det regionale ungdomsrådet.

– Vi tykkjer det er veldig flott å få vera ein så stor del av prosjektet, og at vi får vera med å påverke i så stor grad. Hallingdal 2020 er sak på kvart møte, vi har representantar i prosjektgruppa og føler at alle er gira på kva vi har å seie, forklarar leiar i Hallingdal ungdomsråd, Håvar Sørbøen. 

Han trur mange ungdommar vil heimatt, og peikar på arbeidsplassar og aktuelle fritidstilbod som viktige element for at fleire skal vilje det.

– For oss er det viktig å gjere Hallingdal mindre. Det skal verte lett å kome seg frå kommune til kommune, og så treng ein meir informasjon om kva som skjer i grannekommunane.

– Sjølv tenkjer eg Hallingdal i framtida, avsluttar ungdomsrådsleiaren frå Ål.

LES OGSÅ: Stolt av heimbygda på nett

Flyttbar
– Kvinne 28 år er ei viktig gruppe å nå, for det skjer noko når ein er ferdig utdanna. Ein etablerer seg kanskje med mann og barn i løpet av fem år, samstundes som ein framleis er flyttbar, forklarar Ulrikke Ytteborg.  

Sjølv om kvinna også kan vera 26 eller 30 år, trur Ytteborg det kan vera for seint, om ein freistar å tiltrekke seg småbarnsfamiliane. Då dei er meir etablert der dei bur.  

– Det viktige er at politikarane har kvinne 28 i panna, når dei tek politiske val. Til dømes med tanke på barnehage.

LES OGSÅ: Slik vil distriktsfylka få deg heim

Geografisk lukke
– Hallingdal har klart seg bra, mellom anna på grunn av geografisk lukke med å vera ei sentral nerve mellom Oslo og Bergen. Den vegen blir berre kortare og kortare, forklarar Ulrikke Ytterborg. Dette har gjort at både vestlendingar og austlendingar har funne vegen til dalen. I tillegg er det mange sesongarbeidarar i regionen på grunn av turismen. Målet er at fleire av desse skal ha lyst til å busette seg fast.

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Sjølv om prosjektet også ynskjer etableringar og nye arbeidsplassar, handlar mykje om å fylle behova som allereie finst og som kjem til å kome. Til dømes i helse og omsorgssektoren.

– Med å fokusere på heile dalen som ein bu og arbeidsregion, kan vi skape større fagmiljø, forklarar Ytteborg.  

Ingen prestasjonsangst
– Eg har tru på det vi gjer, og er heilt sikker på at vi kjem til å lukkast. Ting ein finn på er ikkje liv laga, men Hallingdal har mykje å tilby alle, forklarar prosjektleiaren. Som ikkje føler på nokon prestasjonsangst, mellom anna fordi ho sjølv har gjort reisa, med å flytte frå Oslo til Hallingdal som 28-åring. 

Sjølv om dei ser på det som vanskeleg, freistar Hallingdal 2020 å måle resultata av prosjektet.

– Hallingar hjå ungdom er ekstra vanskeleg å måle. Men vi ynskjer til dømes å måle alderssamansetning og tilbakeflytting av ungdom, held Ytteborg fram.  

– Eg er heilt sikker på at dette prosjektet er ein vinnar. Hadde eg vore i tvil, hadde eg aldri lagt ned så mykje engasjement som det eg gjer, avsluttar prosjektleiaren.  

LES OGSÅ: – Majorstua er usentralt