– Gir auka risiko for hjernesvulst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan norske ekspertar har frikjent mobiltelefonen frå skuldingane om å gi helseskadar, kjem dei alternative forskingsmiljøa med ein rapport som seier det stikk motsette, skrivStavanger Aftenblad.

Dei 29 forskarane frå heile verda har gått gjennom 1.800 nye vitskaplege studiar, og har kome fram til konklusjonar som ikkje støttar tidlegare ekspertrapportar.

LES OGSÅ: Ingen bevis for at mobilstråling er farleg

– Eit gjennomgåande mønster er auka risiko for hjernesvulst, seier Lennart Hardell ved Universitetet i Örebro i Sverige, ein av forskarane bak rapporten.

Rapporten set også mobilstråling i samanheng med svekt sædkvalitet. Ifølgje rapporten kan sjølv det å ha mobiltelefonen i lomma eller i eit belte skade DNA-et til sæden, resultere i misdanning av sperm eller svekkje forplantingsevna til mannen.

Forskarane meiner også at dei kan føre bevis for at stråling frå blant anna mobiltelefonar kan auke risikoen for autisme og symptom på autisme. Trådlause sendarar som mobiltelefonar og laptopar som blir brukt av gravide kan også påverke utviklinga av hjernen til fosteret, meiner forskargruppa.

LES OGSÅ: Vil forby tasting bak rattet

Bioinitiative-gruppa meiner dagens situasjon ikkje er akseptabel sett i lys av dei bevisa for skadeeffektar som ligg føre, heiter det i ei pressemelding om rapporten som vart offentleggjort måndag. (©NPK)