Det hjelper ikkje å vera flink til å klaga, om ikkje du får noko gjort sjølv. 

 

Språkåret 2013 er i gang, og du har vel gjerne fått det med deg: Ivar Aasen ville vorte 200 år i år, og  Det Norske Teatret fyller 100. Med utgangspunkt i desse to store nynorskjubilea, skal alt språk i Noreg feirast eit heilt år til ende. Språkåret sjølv kallar det eit allspråkjubileum på nynorsk grunn, der «kven som helst kan bidra med kva som helst».

Trond Vernegg, leiar i Riksmålsforbundet, er allereie i gang – om enn ikkje med så veldig konstruktive bidrag. Til Kulturnytt græt han nemleg sine salte tårer over at ikkje større delar av programmet for Språkåret handlar om bokmål og riksmål. Riksmålshovdingen argumenterer med at 90 % av folket skriv bokmål, men at dette ikkje speglar heilt att i programmet. «Man har vært pokker så kjip», buldrar det i usedvanleg folkelege ordelag frå Vernegg, som meiner Språkåret har vorte eit «rent nynorskår». 

Ja, mon det. I så fall må det vera lov å spørja korleis Vernegg meiner at dei samiske tiltaka kjem inn i reknestykket? Og dei kvenske? Teiknspråk? Dialektar? Verdskonferansen om språkmangfald? Eller kva med språkårsarrangementet om bokmålet og riksmålet si historie, som går av stabelen om mindre enn tre veker? 

Eg skal ikkje påstå at fordelinga mellom nynorsk og bokmål i Språkåret vert heilt lik mengdeforholdet mellom nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar. Det er heller ikkje poenget – det skulle då berre mangla at nynorsken får ekstra merksemd i eit så ekstraordinært jubileumsår. Likeins vil eg meina det er heilt rimeleg at dei språka som ikkje dominerer til vanleg, får større plass i eit språkår. Elles vert vel noko av poenget borte? Men dette gjer ikkje Språkåret til eit «rent nynorskår». Alle som har lese prosjektplanen kan sjå den allspråklege breidda som Språkåret tek for seg. 

Kan henda er ikkje dette godt nok for Vernegg – organisasjonen hans har trass alt vedteke at det å «bekjempe utilbørlige eller urimelige forsøk på å styrke nynorskens posisjon» er ei varig topp tre-prioritering. Men kvifor gjer han ikkje noko sjølv? Dersom Riksmålsforbundet vil endra tyngdeforholdet mellom nynorsk- og bokmålstilskipingar i Språkåret, så kan dei jo i det minste byrja med å laga nokre bokmålstilskipingar sjølv? Og ærleg talt: I staden for å erklæra seg oversett og etterlysa fleire invitasjonar, kunne dei ikkje heller fått rauva i gir då Språkåret kontakta dei for godt over eit år sidan?

Sjå til dømes på kva me gjer i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Visst kunne me ha sutra og klaga over at det ikkje var lagt opp til nokon stafett i Ivar Aasens fotefar, men i staden fiksar me biffen sjølv. Etter lang tids planlegging rullar ein festpynta nynorskdoning avgarde frå Ørsta 28. januar – til ei nesten heilårslang aksjonsferd på kryss og tvers over heile landet.

Med fare for å verka litt sjølvgod: Kanskje dette kunne vera noko å læra av for folk som berre klagar på at andre ikkje gjer jobben for dei? 

For min eigen del har eg i alle fall ikkje tenkt å kasta bort Språkåret på å ynka meg over at ikkje Riksmålsforbundet ser det som si oppgåve å gjera stas på nynorsken eller alt det andre språkmangfaldet i Noreg. Det har eg tenkt å gjera sjølv, saman med målungdomar, mållagsfolk – og med deg! Og sidan det er språkår i år, skal eg jamvel yta motstandaren litt vyrdnad, ved å la det gamle riksmålsidolet Arnulf Øverland få setja punktum for dette ordskiftet:

Og vil du nære dig av taus forakt 
mot undermåler eller overmakt, 
da har du funnet dig en billig føde, 
og du kan rolig ete deg til døde. 

Godt språkår!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE