– Majorstua er usentralt

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det er mange rosa draumar kring det å flytte på bygda, men sanninga er at det er kjempetøft det fyrste året. Du må byrje på nytt og vise kva du er god for. Det tek år å forstå korleis alt i lokalsamfunnet heng saman, forklarar Ulrikke Ytteborg.  

Ho kjem frå Oslo, men valde å flytte til Nesbyen i Hallingdal saman med mannen sin for 10 år sidan. Dei hadde alltid vore glad i fjellet, fekk jobbar og fann sin plass i nærmiljøet.

– Vi flytta då vi var i etableringsfasen, det var nok lurt med tanke på å kome inn i miljøet.

Prosess
Familien tenkte dei kunne flytte attende til byen når som helst. Dei var gjennom ein prosess om dei skulle bli. Spesielt etter tre år, då mannen fekk jobb i hovudstaden.

– Varme og omsut frå folk rundt oss. Tre minutt til barnehagen. Naturen rett utanfor døra og tryggleik i kvardagen. Eg var ikkje villig til å gje opp det, forklarar Ulrikke.

No vil ho aldri bytte. Den enkle kvardagen, og den friske lufta er noko av det ho set høgast. Og så har dei tre borna hennar vorte hallingar.

LES OGSÅ: – Fleire burde få opp augo for bygda

Bli med
– Når du flyttar på bygda, kan du ikkje sitje heime å vente. Du må bli med på ting og involvere deg i samfunnet, seier Ulrikke. Som meiner det kan vera krevjande i starten, med ny jobb og eit heilt nytt lokalsamfunn.

Men Ulrikke har vorte glad i heile Hallingdal, med fire vakre årstider – ein vinter der snø er sjølvsagt, ein eksplosiv vår, ein varm sumar og ein fargesprakande haust. Turt klima, ikkje slaps og søl.

– Å vera glad i natur gjer det å bu her ein heilt annan verdi. Så det er nok ein fordel å vera litt friluftsmenneske. No som ”alle” skal gå Birken og vera sporty utan grenser, har bygda mykje å tilføre. Tenk berre lysløype rett utanfor døra!

LES OGSÅ: Saknar fokus på innflyttarar

Sterkare preferanse
At det fysiske nærmiljøet er viktig, får støtte av forskar Kjetil Sørlie ved Norsk institutt for by- og regionforskning. I undersøkingar dei gjer av flyttemønster i Noreg, spør dei også om forhold til nærmiljø.

– Vi ser at det fysiske nærmiljøet er viktigare for dei som vel bygda, medan det sosiale nærmiljøet er viktigare i byen. Mange som vel bygda har ei sterk preferanse i forhold til stad, forklarar Sørlie.  

70 prosent flyttar vidare 
– Av folk som flyttar frå byen til bygda etter at dei har 15 år, flyttar 70 prosent vidare innan dei har fylt 40 år. Gjennomsnittleg bur dei på staden i 3,5 år. Dess yngre ein er når ein kjem, dess større sjanse er det for at ein ikkje vert verande, forklarar Kjetil Sørlie. Han legg til at folk som etablerar seg med familie i større grad vert verande. Det same gjeld folk som flyttar attende til heimbygda.  

Også motivet for flyttinga verkar inn.

– Dei som grunngjev flyttinga til bygda med stadspreferanse vert i større grad buande, enn dei som flyttar på grunn av arbeid. Dette fordi dei i større grad har take eit medvite val om å flytte dit. Folk som flyttar til bygda på grunn av jobb, gjer det i større grad som del av karrieregang. Dei har gjerne ein leiarjobb, ofte innan offentleg sektor.  

LES OGSÅ: – Livet på bygda er ingen einskap

Det å bu på bygda for kortare tid er heller ikkje noko nytt fenomen:

– Frå gamalt hadde ein til dømes lærarar og prestar, som kom til bygda og flytta vidare. I dag ser vi tvert om at gjennomstrøyminga minkar svakt. Det er færre som flyttar bort for å jobbe i ung alder. Når fleire bur i byar, er det ei utvikling at ein mindre del av befolkninga bur stader dei ikkje kjem frå, avsluttar Kjetil Sørlie.