Føreslår å flytta København

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein temperaturauke på opptil seks grader er ikkje usannsynleg, og danskane bør rusta seg frå vassmassane frå is- og snøsmelting i polområda, melder Videnskab.dk.

– Viss vasstanden stig med eit par meter, vil det bety at der står vatn på Højbro Plads. Det seier seg sjølv, at eit slikt problem ikkje kan klarast med at utvida kloakken. Ein bør snarare tenkja på å byggja diker, slik ein kjenner det frå Nederland, sluser som ein kjenner det frå Themsen, eller kanskje like godt flytta byen nokre kilometer inn i landet, seier klimaforskar Jens Hesselbjerg Christensen til Videnskab.dk.

LES OGSÅ: Kvifor vedtek politikarane dyre klimavedtak?

Ifølgje seniorforskar Ole Bøssing Christensen er det no meir sannsynleg at klimaet vil bli seks grader varmare innan 2100, enn at det blir mindre enn to grader varmare. Då klimapanelet til FN la fram konklusjonane sine i 2007, var seksgradersscenariet mellom dei mest ekstreme.