Åtvarar festrøykjarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Men dette er feil, ifølgje helsedirektør Bjørn Guldvog. I ein ny opplysningskampanje som vart lansert torsdag, blir bodskapen om at kvar einaste sigarett er skadeleg, understreka.

– Det finst inga trygg nedre grense for tobakksbruk. Kvar einaste sigarett skadar deg. Alt frå den første sigaretten aukar risikoen for hjerteinfarkt klart, seier Guldvog.

Rundt 17 prosent, eller 430.000 nordmenn, røykjer av og til. Det er ein høgre prosent enn i andre land det er naturleg å samanlikne seg med. Guldvog meiner det er ei utbreidd oppfatning blant av-og-til-røykjarane at det er litt trendy. Det viser at ein har sjølvkontroll og kan kose seg, men utan å vere avhengig. Men det må vi kome bort frå, meiner han. Av-og-til-røykjarane er røykjarar akkurat som daglegrøykjarane.

LES OGSÅ: Flest jenter på røykjeområda

– Når det gjeld risikoen for hjerte- og karsjukdom ved røyking, er den største forskjellen å gå frå null røyk til litt røyk, seier helsedirektøren.

I Noreg døyr kvart år 620 personar under 60 år av hjerteinfarkt. 80 prosent av desse er røykjarar. Helsedirektoratet meiner desse liva kunne vore spart om alle av-og-til-røykjarane stumpa røyken for godt. (©NPK)

LES OGSÅ: – Tobakk og alkohol til 16-åringar