Kvifor vedtek politikarane dyre klimatiltak?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om politikarane støttar idéen om å redusera mest mogleg klimautslepp til lågast mogleg kostnad, vedtek dei i praksis mange dyre tiltak som gjev små utsleppsreduksjonar. Dei legg stor vekt på inntektsfordeling og omsynet til industri- og regionalutvikling i klimapolitikken, sjølv om dette kan medføra betydelege ekstra kostnader. Manglande oversyn over økonomiske konsekvensar av politiske tiltak kan òg spele inn.

Det viser ein fersk studie av forskarane ved Statistisk sentralbyrå Annegrete Bruvoll, Hanne Marit Dalen og Bodil M. Larsen.

– Det er overraskande at politikarane hadde så lite oversyn over ei sak som grøne sertifikat, til dømes. Dei me snakkar om er dei sentrale av dei sentrale beslutningstakarane, seier Annegrete Bruvoll.

I august gjekk mellom anna tidlegare statssekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen gått ut og sa at ho angrar på innføringa av det som no blir kalla for elsertifikat (sjå faktaboks).

LES OGSÅ: – Elektrifisering aukar co2-utslepp

Klimatiltak med mange omsyn
SSB-forskarane intervjua medlemmar av Stortingets energi- og miljøkomité i denne og førre stortingsperiode våren 2010. Av 18 politikarar deltok 11 i undersøkinga. Forskarane stilte spørsmål om klimapolitikk generelt og om verknaden på klimagassutslepp av grøne sertifikat og subsidiar til fornybar energi.

Politikarane oppgjev generelt at dei støttar ein kostnadseffektiv verkemiddelbruk og prinsippet om at den som forureinar skal betala. Men samstundes er politikarane til dømes usamde i innføringa av ein flat karbonskatt som skal gjelde alle forureinarar, og dei er samrøystes for å gjera unntak for prosessindustrien frå CO2-avgifter, sidan dei meiner det kan innebera utflagging av slik industri.

– Begge desse endringane av verkemidla undergrev prinsippa om kostnadseffektivitet og at forureinaren skal betala, seier Annegrete Bruvoll.

Alle politikarar uttrykte òg støtte for subsidiar til fornybar energi, men då med grunngjevinga høve til eksport og omsynet til sysselsetjing og energiforsyning, og ikkje først og fremst av klima- og ressursomsyn.

På direkte spørsmål om kva for omsyn som var viktige for vurdering av CO2-avgifta og kvotesystemet, la politikarane spesielt vekt på industrien og karbonlekkasje ved utflagging av norsk verksemd. Vidare var dei opptekne av andre miljøverknader og regionale verknader, som busetjing og sysselsetjing i distrikta.

Politikarane sine svar viser at dei nyttar klimapolitiske verkemiddel som verktøy òg for å oppnå mål knytt til industri- og regionalutvikling, inntektsfordeling og sysselsetjing.

LES OGSÅ: Grøne sertifikat kan bli avvikla i 2020

Mangelfull informasjon
Intervjua viste òg at politikarane hadde mangelfull informasjon om fleire sentrale tilhøve ved tiltaka.

Bruvoll viser til nyare empirisk forsking om at karbonlekkasje ved utflagging av norsk verksemd kan gje noko auke i utslepp i andre land. Auka utslepp ute vil likevel berre utgjera ein liten del av utsleppsreduksjonane her heime, slik at dei samla utsleppa i verda likevel går ned. Studiar frå Vista Analyse, Cicero og fleire andre viser at lekkasjen ligg på 10-30 prosent. Det vil seia at for kvar million tonn CO2 som blir redusert heime, blir reduksjonen av verdsutsleppa på 0,7-0,9 millionar tonn.

– Det er liten grunn til å tru at reine norske verk blir erstatta av meir forureinande verk i utlandet. Det er oftast dei gamle som går dukken først, og eventuelle ny-etableringar i andre land er baserte på ny teknologi, seier Annegrete Bruvoll til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil male oljefondet grønt

Trass i dette uttrykkjer alle politikarar i denne studien ei tru på at utsleppsauken i andre land, ved utflagging, langt overstig det me sparar heime, slik at dei globale utsleppa samla sett stig som følgje av lekkasjar. Dette uttrykkjer politikarane som eit av hovudargumenta for at det er naudsynt med unntak frå klimaavgifter for norsk industri.

– Dette er ein seigliva myte, seier Bruvoll.

– Kva er det som gjer at politikarane ikkje har eller tek omsyn til denne informasjonen?

– All informasjonen er tilgjengeleg. Det har nok med kva som interesserer dei. Men med mange spreidde tiltak og effektar, er det vanskeleg å få oversikt. Økonomiske tiltak kan vera kompliserte og vanskelege å forstå fullt ut. Rette val av tiltak avheng av eit komplekst samspel mellom marknader, prisar og politiske instrument.

– Eg trur økonomane har ei viktig rolle. Me må bli betre pedagogar, svarar Bruvoll.

– Ja, no har du sjansen! Kva er dei mest kostnadseffektive tiltaka?

– Like avgifter på alle utslepp gjev størst utsleppsreduksjon til ein gitt samfunnskostnad, svarar Bruvoll. Og så må ein utforma eigne verkemiddel som veg opp for uheldige konsekvensar for fordelinga. Dersom politikarane for eksempel vil støtta distriktsutvikling, bør støtte gjevast mest muleg direkte til distrikta, ikkje gjennom energisubsidiar og reduserte CO2-avgifter.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Uproblematisk med lågare inntekter
Grøne sertifikat var eit anna område der dei intervjua politikarar sine syn ikkje var i samsvar med korleis ordninga verkar.

Få av politikarane var klar over det sentrale elementet i ordninga var unntaka til industrien for sertifikatplikta. Dette gjev industrien lågare innkjøpsprisar på kraft sidan engrosprisen vil falle, og utgjer ein betydeleg økonomisk støtte til den kraftintensive industrien.

Forskarane studerte vidare om haldningane til politikarane til budsjettmessige konsekvensar kunne ha noko å seia for avvik frå bruk av kostnadseffektive verkemiddel. Politikarane syntest ikkje å kopla reduserte energiprisar til offentleg inntektsbortfall. Kraftverka er stort sett eigd av stat og kommunar som får lågare utbytte med lågare inntekter. Skatteinntektene vil òg gå ned. Politikarar i undersøkinga uttrykte i staden at lågare inntekter var uproblematisk sidan kraftverka allereie tener godt. Koplinga til offentlege inntekter og konsekvensen for offentlege utgifter og budsjett hadde lite eller ikkje noko fokus.

LES OGSÅ: Venstre vil stoppa reinsing på Mongstad

– Må ta omsyn til fleire mål
– Det er rett at nokre av dei mest kostnadseffektive klimatiltaka blir nedprioritert til fordel for andre, som ikkje er så kostnadseffektive. Bakgrunnen er at politikken ikkje kan forfølgja eitt mål utan å ta omsyn til andre politiske mål. Vurderinga mellom ulike omsyn er eit av politikken sine viktige oppgåver, seier Erling Sande, (Sp), leiar i energi og miljøkomiteen på Stortinget, til Framtida.no.

– Ein klimapolitikk som rammar norsk næringsliv og sysselsetting urimeleg, vil kunne gje økonomiske utslag som gjev mindre handlingsrom i framtida til å nå både klimamål og andre politiske målsetnader. Legitimiteten til klimapolitikken er sjølvsagt avhengig av både verknad og klimaeffekt, men også av at tiltaka ikkje råkar urimeleg hardt. Dette er politiske balansegangar.

– Dei ulike politiske partia vil også forma klimapolitikken. Til dømes var vi frå Senterpartiet si side i arbeidet med siste klimamelding og klimaforlik opptatt av å finna gode effektive tiltak, men som ikkje ramma urimeleg den sosiale og geografiske utjamninga som me har programfesta. Samtidig burde tiltaka stimulera til teknologiutvikling i Noreg, snarare enn utflytting av norsk næringsverksemd.

Faktaboks

Elsertifikat (grøne sertifikat)

• Poenget med grøne sertifikat er å gjera det meir lønsamt å byggja ut fornybar energi som vass-, vind eller bioenergi.
• Lønsemda aukar ved at produsentar av ny fornybar energi blir tildelt grøne sertifikat frå staten.
• Sertifikata kan produsentane selja til kraftleverandørar, som er påbode å kjøpa inn grøne sertifikat i ei mengde som heng saman med strømmengda dei sel til forbrukarane.
• På kort sikt vil sertifikatene gjera straumen nokre øre dyrare per kWh, fordi kraftleverandørane fører rekninga vidare til forbrukaren.
• På lengre sikt er håpet at straum vil bli billigare, fordi den aukte lønsemda i fornybar energi vil føra til at meir fornybar energi blir produsert.
• Kraftkrevjande industri er unntatt frå å kjøpa elsertifikat. Dette gjer at dei vil få billegare kraft.