Europa–Australia på 90 minutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til Australia på 90 minutt

Det er Det europeiske romfartssenteret (Esa) som dei tre siste åra har greidd ut om utsiktene til å lage eit slikt romferjefly, skriv det svenske bladet Ny Teknik.

Det EU-finansierte prosjektet Fast 20XX har så langt ikkje konstruert noko fly, men har undersøkt føresetnadene for å gjere kombinerte fly- og romferder i rakettfart, mellom anna om folk kan tåle slike reiser, og korleis flyskroget skal kunne kjølast ned.

Det neste steget er å lage eit testfly, som med tre personar om bord skal sleppast frå ein Airbus A330 14 kilometer oppe for deretter å klatre til marsjhøgda på 100 kilometers høgd og deretter lande på landjorda. Det kan skje om fem– ti år.

LES OGSÅ: – Hotell i verdsrommet om 90 år

Den rakettdrivne Spacelineren skal som romferjene skytast opp vertikalt, mens landinga skal skje horisontalt, som med vanlege fly.

Mot slutten av dette hundreåret trur forskarane det kan bli mogleg å bruke slike fly også til snarturar ut i verdsrommet, men i første omgang er målet å korte reisetida mellom kontinenta. (©NPK)