Norske gründer-kvinner halar innpå

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske gründer- kvinner tek innpå

27 prosent av alle personlege selskap i Noreg er eigd av kvinner. Same tal for Sverige er 35 prosent, medan snittet i OECD-landa er 30 prosent. Det viser ein ny rapport frå OECD.

Men delen kvinnelege gründarar i Noreg har auka dei siste åra. I aldersgruppa 16 til 24 år auka kvinnelege etablerarar med heile 42 prosent frå 2002 og fram til 2010, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

Spesialrådgivar hos Innovasjon Noreg, Anne Marie Kittelsen, meiner det er fleire grunnar til det.

LES OGSÅ: Får bygda opp av sofaen

– Den viktigaste grunnen er kanskje det at stadig fleire kvinner oppdagar at det ikkje er så skummelt som det høyrest ut som å starta for seg sjølv, og at det faktisk er ganske så gøy å jobbe for seg sjølv, seier ho til Vikebladet Vestposten.

Kittelsen trur delen kvinnelege stiftarar vil auka endå meir dei neste 10-15 åra.

LES OGSÅ: Innovasjonsboom

– Unge jenter i dag tenkjer annleis enn kvinner gjorde før. No får ein god informasjon både på skule og universitet, og kvinnene vågar i mykje større grad å tenkja risiko og å vera sjølvstendig. Det er mange som er freista til å skapa sin eigen arbeidskvardag, seier ho til avisa.

Samstundes viser tal at det er fleire menn som drøymer om å starta for seg sjølv.

Faktaboks

Spesialrådgjevar Helene Mørne i Innovasjon Norge har fylgjande råd til unge som ynskjer å skipe ei eiga verksemd:
1. Bli god på å presentere verksemda di eller ideen din. Å gjera det på ein god måte framfor potensielle investorar, er ein kunst.
2. Sett pengar i di eige verksemd. Vil ikkje du setja pengar der, vil heller ingen andre gjera det.
3. For å få støtte hos Innovasjon Norge er det viktigaste at du er innovativ, marknadsorientert og har ambisjonar om vekst. Innovasjon Norge har mykje meir pengar til skiping av verksemder i distrikta enn i sentrale strøk. Det er fordi pengar frå Innovasjon Norge skal vere med å kompensere for manglande tilgang på privat kapital i distrikta.

For fleire tips sjå heimesidene til Innovasjon Norge og Ungt Entreprenørskap.