Førre nyttårsaftan lova Oskar Andreas Larsen (18) seg sjølv to ting.

Elin Øvrebø
Elin Øvrebø
Faktaboks

Namn: Oskar Andreas Larsen
Alder; 18 år
Bur: Haugesund/Etne
Yrke: Skuleelev på påbygg, Vardafjell vgs. i Haugesund
Aktuell: Leiar av det nystarta lokallaget Skeiv Ungdom Haugalandet

LES FAKTALUKK FAKTA

Førre nyttårsaftan lova Oskar Andreas Larsen (18) seg sjølv to ting; han skulle ned 20 kilo i vekt, og han skulle endeleg vere ærleg om sin seksualitet.

Eit år seinare har Larsen trimma bort fleire kilo. Mangfaldige kilo med kjenslemessige murstein har også blitt fjerna frå skuldrene hans.

— 2012 har vore det beste året i mitt liv. Det var året eg endeleg turte å vere meg sjølv. Eg har blitt meir open, gladare og tryggare på meg sjølv. No har eg det bra, smiler han frå øyre til øyre.

Det kjennest godt å opne dei famøse skapdørene for fullt, og innrømme for alle som ein; at ja, Oskar Andreas Larsen liker menn, ikkje kvinner. For kva gjer vel eigentleg det?

Verken familie eller venner syntest det var eit problem då han endeleg tok mot til seg på nyåret 2012 og fortalde korleis det eigentleg var.

LES OGSÅ: – Boka kunne blitt mørkare

— Dei første eg sa det til var systera mi Martha, som bur i Stavanger, og mamma. Dei sa at dei hadde visst skjønt det ei stund, og synest det var heilt greitt. Eg vart så letta og glad! Det var ei kjempegod oppleving, seier han og kjenner seg heldig.

— Mange er redde for å bli møtt av fordommar når dei endeleg er opne om sin seksualitet. Aller verst er det å bli dømt av familie og venner. Men i dei fleste tilfelle går det betre ein trur på førehand.

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

Også Larsen hadde mange førestillingar om at lokalmiljøet ikkje ville akseptere at han er homofil. Difor gjorde det godt å flytte bort frå bygda og til Haugesund då han skulle starte i andreklasse på vidaregåande hausten 2011. Han flytta på hybel, og kjende på at det var litt godt å bu i ein by.

— Eg har alltid kjent meg litt utanfor i Etne, og synest det er for mykje mobbing og baksnakking til at eg hadde turt å stå fram som homofil om eg framleis hadde budd der. Eg har merka at det er mindre fordommar i byen enn på landet, meiner Larsen, som framleis er heime i Etne ofte. Kvar helg finn du han på Skakkesenteret, der han hjelper til med stort og smått.

— Eg lagar mat, står i kiosken og hjelper til ved arrangement. Eg trivst veldig godt i jobben, særleg i julebordsesongen. På det store julebordet med Vamp var eg konferansier og fekk introdusere dei på scena. Det var veldig kjekt! seier Larsen som også har jobba som støttekontakt og miljøarbeidar.

2012 har vore det beste året i mitt liv
Han kviler heller ikkje på laurbæra i vekedagane. Kort tid etter at ungguten «kom ut av skapet» i januar var han nemleg med på å starte ein ny organisasjon for ungdom på Haugalandet som er i same situasjon som han. Under stiftingsmøtet til Skeiv Ungdom Haugalandet i mai vart Larsen einstemmig vald til leiar dei neste to åra. Lokallaget har til mål å kjempe for mangfald og mot diskriminering.

— Det var på tide at me fekk eit eige lokallag på Haugalandet. Det finnest allereie eit fylkeslag for Rogaland, men all aktiviteten er i Stavanger. No er me 18 medlemmer i alderen 16-30 år, flest menn, som møtest regelmessig for drøs, bowling og pizza. Det er viktig å ha ein møteplass for både sosiale aktivitetar og diskusjon, seier han og fortel haustens desiderte høgdepunkt.

— Eg deltok på landsstyremøtet saman med 15-16 andre lokallagsleiarar i Oslo. Det er var ei spesiell og flott oppleving. Me prata som me skulle ha kjent kvarandre for alltid.

LES OGSÅ: Den usynlege minoriteten

Generelt er det ikkje så ille å ha ein anna seksualitet enn fleirtalet i Noreg anno 2012, meiner Larsen.

— Folk er stadig meir opne og aksepterar at andre er annleis. Framleis er det mykje stygg ordbråk i språket, og nokre gonger blir personar slått ned på grunn av legninga si. Ein gong er ein gong for mykje, seier han og trur at den beste måten på å førebygge slike hendingar og haldningar er å spreie informasjon. Han håper på at lokallaget kan få komme på ungdomsskulane og fortelje korleis det er å vere homofil, og svare på ting dei unge måtte lure på. Ufarleggjere det litt, sjølv om det ikkje burde vere farleg å berre vere seg sjølv. Det er utelukka for Larsen å bruke meir krefter på å skjule kven han er. Til våren skal han stryke på merker på russedrakta som framhever skeive sine rettigheiter.

LES SAKA I GRANNAR!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE