Hekta på festival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solgunn har tatt bachelor i kunsthistorie.

– Utan at det har gitt meg særleg klokskap i seg sjølv. Det er snarare det eg gjorde utanom studiane som gav meg erfaring til det eg jobbar med no. Var dessutan på folkehøgskulen, på musikklina, at eg fann ut eg ikkje var noko musikar – men visste likevel at eg måtte jobba med musikk på noko vis. Eg likte betre å organisere utgivinga av klassens CD enn å øva på å spela den inn, seier ho.

Klangkollektivet
I haust har ho vore med å starta Klangkollektivet, eit plateselskap, bookingbyrå og innspelingsstudio som representerer den alternative scena i Bergen, undergrunnsmusikken.

– Klangkollektivet såg dagens lys i november, men ideen kom i vår, etter ein konsert med to av artistane. Eg tipsa dei om å starta noko for å samle dette miljøet som er i oppmarsj i Bergen, ei sunn bølgje med noko bra. Så gjekk det litt tid, så kom dei tilbake og spurte om ikkje eg ville vera med å starte det. Me skal gjere det lettare å oppdage musikken som kanskje er litt vanskeleg å finne.

Klangkollektivet har fem utgivingar til våren, der tre er debutalbum.

– Me satsar berre på vinyl, i tillegg til digitalt sjølvsagt. Me vil gjere den kreative undergrunnsscena i Bergen synleg for fleire enn dei som kjenner til den i dag. Det er gjerne litt meir krevjande musikk enn lett popmusikk, men til gjengjeld noko som du får meir igjen for som lyttar – dette er musikk for den dedikerte lyttar. Eller den som ynskjer å bli det. Du veit, utan litt krevjande popmusikk som utfordrar formatet, går jo ikkje musikkhistoria vidare, seier Solgunn bestemt.

– Med Klangkollektivet vil me ta tak i artistar før dei i tradisjonelle plateselskap sine auge er "salbare", før dei er på alles lepper. Den mest interessante musikken er ofte den som er mest gøymd – det gjeld berre om å finna den, og vera med den på utviklinga til eit interessant og nyvinnande uttrykk. Me har ingen sjangeravgrensingar i Klangkollektivet, men det me ser etter, er utgangspunktet for skrivinga av musikk; låtskriving på eigne premisser som går ut over eksisterande og vante metodar for å skriva på. Eksperimentelle, nytenkande artistar er dei me er på utkikk etter.

LES OGSÅ: Lever av å lage dugnadsfest

Oppdaga musikken
Ho brenn for musikken og blir inspirert av å gå i snodige gater.

– Elles så inspirerer folk eg møter meg. Det er sjeldan eg blir inspirert av folk eller ting som eg ikkje møter i real life. Det er oftast dette møtet som er inspirerande, nærværet til dette. Når idear dukkar opp i hovudet mitt, inspirerer det seg sjølv, og eg får problem med å sove fordi ideen snurrar vidare og vil ikkje stoppa. Det er litt plagsamt, prøver å slutta med det. men dei beste ideane kjem ofte på det tidspunktet. Notatblokk ved senga har eg fått tips om, skal prøve det.

– Kvifor vart det musikk, trur du?

– Anar ikkje. Hadde ikkje spesielt musikalsk oppvekst, anna enn "obligatorisk" piano og kornett. Og bedehussongar på anlegget. Var først då eg flytta at eg verkeleg såg kva som rørte seg der ute og oppdaga store musikalske heltar som Gåte. Kvifor eg faktisk enda opp med å jobbe med det har nok Hulen skulda for. Der oppdaga eg at ein faktisk kan jobbe med lidenskapen sin. Det er ikkje mange som kan gjere det på fulltid, og løna er ikkje særleg, men ein får mykje digg "bonus" og at det er dei kulaste jobbane, seier ho og meiner desse arbeidsmiljø også ofte er svært varierande og pulserande.

Sjølv har ho arbeidd fleire år, både som frivillig og som leiar ved utestaden Hulen i Bergen.

LES OGSÅ: Kva treng du for å lage festival?

Hekta på festivalar
Ho dreg fram BIMF, Biks Bergen, Ekkofestivalen og Festspillene i Bergen som viktige festivalar der ho har vore engasjert. No sit ho også i styret til festivalen Slottsfjell i Tønsberg.

– På Slottsfjell fekk eg styrevervet etter 2 år som frivillig der. Det er ein utruleg kjekk festival. BIMF var eg med eitt år, morosam festival med musikk frå alle verdshjørne. Hovudsakleg er det Ekkofestivalen på haustparten og Festspillene på vårparten eg jobbar med på heiltid.

– Ekko har eg vore med mange år, det er ein sjukt bra nisjefestival som har klart å bli stor og anerkjent utan å gå på bekostning av profil eller "kred". Dei har alltid vore bevisste og bestemte på programmeringa. Store namn innan små miljø blir henta til Bergen under Èkko, som alltid gir unike og kule opplevingar. Jimmy Edgar til dømes, som var der no, var heilt rått. Og Islandske Gus Gus.

– Festspillene er det litt tilfeldig at eg hamna i, men har gitt meg gode erfaringar med å jobba med store apparat, store musikargrupper og store forventningar blant publikum. Til våren skal eg faktisk kuratera ein liten konsertserie der, altså booka inn artistar. Det er noko eg aldri såg føre meg var mogleg berre i fjor. At ein liten fjott som meg skulle få den tilliten. Så det er stas. Festspillene hentar jo inn enorme namn frå heile verda, innan opera, klassisk, dans, nysirkus, teater, samtidsmusikk…. Det er rett og slett ein "litt for stor" festival for Bergen, for det er ikkje alltid bergensarar veit kor stort mykje er. Men den trekk jo også eit stort internasjonalt publikum. Eg har festivaldilla, er vel difor eg har blitt engasjert i mange av dei. Skal også jobba med å lage til ei "Roskilde-veke" i Bergen i vår, det blir morro.

LES OGSÅ: 10 råd for å overleve på festival

Sterke forventningar
– Kva drøymer du om?

– Eg drøymer vel om å kunne gjere ein forskjell i musikkmiljøet, kulturlivet. å gjennomføre tiltak som styrker det, som bidreg til at det kan leva vidare. og så drøymer eg om at flest mogleg – kanskje spesielt dei som ikkje hadde venta det sjølve – skal bli introdusert for den litt meir skjulte pop- og rockmusikken, den som krev litt meir av deg for å oppdage, og for å like. Og som byggjer seg opp til ein lidenskap.

Ho har ein sterk lidenskap for musikken og eit langdrygt ynskje om å få musikken og det ho jobbar med ut til folk. Målet er å forandre kulturhistoria, å setje spor. Skal ein nå det er rådet hennar klart:

– Det er berre å starte; jobbe som frivillig her og der, ta på seg utfordringar, og så plutseleg – dersom du verkeleg har lyst til det – så er du ein aktør i musikkbransjen.

– Kva er det som styrer vala våre?

– Tja, sei det. Eg har lært meg at magekjensla er ofte den beste – men kva den kjem frå, er ikkje godt å seie. ei blanding av sunn fornuft, galskap, mot og folk rundt oss. Når me ser kloke folk gjer noko bra, blir ein sjølvsagt inspirert av det og ynskjer å følgje same eksempel. Når ein ser folk gjer feil, lærer ein av det.

– Forventningane til omgjevnadane styrer mykje, og av og til for mykje. Det er forventningar eg jobbar opp mot kvar dag. Forventningar eg har til meg sjølv, men mest kva forventningar folk eg arbeidar med har. Ting eg må gjere som andre ventar på, som påverkar andre sitt arbeid. Og forventningar til dei eg jobbar for – altså artistar og publikum. Dersom det ikkje finst forventningar, er det lite vits å drive med det ein gjer. Ein må skape forventningar for så å innfri dei.

Les første del av serien Mitt liv – mine val her!

LES SAKA PÅ MAGASINETT!