Vi går meir på kino, museum og teater

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Kinoane kan visa til den største auken med 6 prosent, fortel Statistisk sentralbyrå (SSB). I snitt gjekk kvar innbyggjar i landet på kino 2,4 gonger i 2011. Til samanlikning hadde kvar innbyggjar 2,1 museumsbesøk. Til saman hadde musea nesten 26.000 fleire tilskodarar i fjor enn året før.

LES OGSÅ: Studentane sviktar høgkulturen

Teatra som får offentlege tilskot, kan visa til nesten like stor auke med 25.000 fleire tilskodarar. Det svarar til ein auke på 1 prosent. Kulturstatistikken viser elles at det i 2011 blei gjeve ut litt fleire bøker i fjor enn året før, medan avisopplaget går ned. Tendensen er at stadig fleire les avis på internett. Også folkebiblioteka og idretts- og friluftsorganisasjonane kan gle seg over auke i besøk og medlemmer.

LES OGSÅ: Beste kulturregion etter Oslo