– Kjem til å lengte heim til skulen

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Vi er Skaga, Skaga, Skagas born, syng dei som øver til kveldens show. Det luktar nyvaska og skibaggane er pakka. Men sjølv om det er aller siste dag før ferien, er det vanlege folkehøgskulelivet til stades på Hallingdal Folkehøgskule – Skaga. Det er gitarspel, skravling i peisestova og rot på romma.

– Eit år på folkehøgskule burde vore obligatorisk, i alle fall om ein ikkje reiser i militæret. Vi trur alle har godt av å møte nye folk frå andre stader, og kome til ein plass der ein ikkje kjenner nokon, seier elevane Framtida møtte denne desemberdagen.

Klesvask og opne dører
– Eg har lært å ta klesvasken åleine, seier Vetle Vangen-Lønne. Dei andre elevane peikar på humanistiske ting, fellesskap og å meistre det å bu tett med andre, som ting dei har lært gjennom ein haust på folkehøgskule.

– Vi er som ein stor familie og dørene inn til romma er alltid opne, legg dei til. Folkehøgskule er også linjetid. På Hallingdal kan ein velje mellom ei kunstlinje, ei reiselinje, friluftsliv, ski og brett, klatrelinja Bratt, og Switch, der ein mellom anna jibbar og surfar. Alle elevane dreg også på tur, Praha, Tunisia, Mallorca, Alpane og Jotunheimen er nokre av destinasjonane.

LES OGSÅ: – Elevane må glede seg til skuledagen

Isolert frå dei innfødde
– Det meste av kontakten vi har med hallingkulturen, er med turar til butikken. Så vi lever litt isolert frå dei innfødde, fortel Ann Elisabet Juvet. Samstundes har dei ete lokal mat og vore rundt om i regionen.

 – Vi på idrettslinja fekk prøve oss på hallingdans i lag med Frikar, det var eit møte med lokal kultur som var veldig stas, legg Jo Tronsen til. 

LES OGSÅ: 10 råd for livet på folkehøgskule

Aldri skikkelig sur
Gode skussmål frå kompisar, at den ikkje var for langt unna, ynskje om å gå på ein aktiv skule eller ved reine tilfelle. Elevane valde Hallingdal for folkehøgskuleåret av ulike årsaker.  

– Det handlar om å bruke eit år på å gjere noko aktivt og produktivt, fortel dei.

Skikøyring i Hemsedal, hundekøyring, strikking, show med korridoren og morgonsamling, slik er kvardagen på folkehøgskule og elevane tykkjer det er vanskeleg å trekkje fram høgdepunkta.

– Det er alltid fint å vera på folkehøgskule, ein er aldri skikkelig sur, avsluttar elevane. Før dei hastar vidare til meir øving og til finstasen for kveldens juleavslutning.

LES FLEIRE SAKER OM FOLKEHØGSKULE!