Eli-Birgitte, Maren og Live trassa fordommane – går på folkehøgskule i Oslo

– Eg trur mange sin tankegang om kva folkehøgskule er hadde vore endra hadde dei berre gått her i ei veke.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Kan eg få ein hadeklem før jul før dykk drar? ropar ein elev frå ein av gongane på Rønningen folkehøgskule.

Gangane på internatet, kor det plar bevege seg over hundre elevar, er tommare enn vanleg.

Det er siste dag før ferie for elevane på skulen som ligg på toppen av Grefsenåsen i Oslo. Tre av dei som enno ikkje har lukka kofferten heilt igjen, og framleis har nokre timar igjen på skulen før heimreisa, er Live Vigstad Valderhaug (20) frå Ålesund, Eli-Birgitte Øverås (19) frå Bærum og Maren Johansen (19) frå Trondheim.

I motsetning til mange andre på deira alder som byrja å studere eller gjekk inn i fyrstegongsteneste etter at dei vart ferdig på vidaregåande, valte jentene saman med rundt 6000 andre å starte på eit år med folkehøgskule i august.

Det valet angrar dei ikkje på at dei tok.

– Eg tenkte at eg skulle rett på studie, men eg er veldig nøgd med at eg ikkje gjorde det. Eg var veldig usikker på kva eg skulle studere, men så fann eg linja «Foto og video» her på skulen, og valte den for å finne ut om eg vil studere det vidare, fortel Johansen.

Både Øverås og Valderhaug har derimot visst at dei ville gå på folkehøgskule så lenge dei kan hugse.

– Etter at eg fekk vite kva folkehøgskule var, har eg visst at eg ville gå på det. Eg har alltid vore glad i skule på grunn av det sosiale, og då er jo folkehøgskule veldig passande, seier Øverås.

Elevane ser på folkehøgskuleåret som eit organisert friår. Sjølv om det kostar ein del, føler dei det veg opp med alle minna, venane og opplevingane dei får.

– Eg har venar som har friår eller som ventar på å kome inn i militæret, og dei seier sjølv at det einaste dei gjer er å jobbe, trene og slappe av. Eg føler eg får mykje meir ut av kvardagen enn det dei gjer, sjølv om dei tenar meir pengar enn meg no eller har kome seg inn i utdanning, fortel Øverås.

Eit stort kollektiv

På internatet delar jentene stove og kjøkken saman med dei andre elevane på avdelinga «Grünerløkka». Denne dagen er den vesle fellesstova i etasjen til jentene tom, men sofaen plar vanlegvis å vere fullt opp av medelevar som tittar på TV saman.

– Me som bur her føler oss som eit stort kollektiv. Mange av oss har aldri budd heimanfrå før. Det er veldig nytt å flytte saman med så mange, seier Valderhaug.

Men det er dei små kvardagslege tinga kor dei er sosiale, dei trekk fram som noko av det beste med tilværet på folkehøgskulen. Det er eit samhald Valderhaug ikkje ville vore utan.

– Dersom ein føler for å vere åleine, så kan ein sjølvsagt det, men viss ein treng å vere sosial så er det berre å gå ei plass og så finn ein folk, fortsett ho.

– Det gjeld nesten heile døgnet, til klokka fem på morgonen, ler Øverås.

Ifølgje jentene er det alltid noko som skjer på folkehøgskulen. Nesten kvar kveld blir det stelt i stand noko, anten det er kafe, filmkveld eller quiz.

– Viss ikkje det er eit opplegg, så er det nesten alltid nokre elevar som insjar til å sjå film eller gjere noko anna saman. Og så er me jo nære Oslo, så folk kan også dra ut for å gjere ting, slik som quiz eller julemarknad, fortel Øverås.

Johansen tykkjer ho er mykje meir til stades i kvardagen på folkehøgskulen.

– Eg fekk ei melding tidlegare i dag om at skjermtida mi var på to timar til dagen førre veke. Den brukar å vere på mykje meir enn det.

I tillegg til det dei lærer i undervisninga, lærer dei også mykje om seg sjølv og relasjonar til andre av å bu saman med andre.

– Eg tør mykje meir å drite meg ut her. Folkehøgskule er ein trygg stad kor du kan finne ut av deg sjølv, tykkjer Øverås.

– Eg føler meg respektert og trygg når eg er her. Eg veit at me blir passa på, og at alle rundt er i same situasjon, seier Valderhaug.

– Det var ein av stipendiatane her som hadde høyrt nokon seie at dei aldri før i livet hadde følt på så mykje som dei hadde gjort det året dei gjekk på folkehøgskule. Det er veldig sant, eg har aldri vore så lei meg, så glad og så vidare, som her, fortel Johansen.

Rusforbodet gjer skulemiljøet betre

Mange folkehøgskular er rusfrie, noko som også gjeld også for Rønningen. Det trur Valderhaug er ein viktig faktor for korleis tilværet på folkehøgskulen er.

– Alkohol er til dømes ikkje lov, og det trur eg er ein ny kvardag for mange som byrjar på folkehøgskule. Det er litt rart, men det er fint også, fordi me har så mykje opplegg kor ein ikkje treng alkohol til, og kor det er fint å vere i lag utan.

– Ein sparar ganske mykje pengar på det, skyt Johansen inn.

Dei trur forbodet mot alkohol gjer at skulemiljøet blir betre.

– Før tenkte eg litt sånn at «kva elles skal eg bruke laurdagskvelden min på», men her er det eit opplegg på laurdagskvelden kvar helg. Så det gjer meg ikkje så mykje at det ikkje er lov å drikke her, fortel Valderhaug.

«Barnehage for vaksne»

Øverås fortel at då ho fortalde folk at ho skulle gå eit år på folkehøgskule var det mange som lurte på kvifor ho ville bruke eit år på «tull».

– Det er mange som tenkjer at folkehøgskule er ein barnehage for vaksne. Det kan ein sjå på både på ein positiv og negativ måte. Eg føler eg finn mykje av barnegleda tilbake. Sånn som når ein gledde seg skikkeleg til ei overnatting. Det er jo ikkje det at overnattinga har blitt kjedelegare, det er vel det at me har blitt kjedelegare. Her finn ein litt tilbake til det.

Ho legg til at det var gode venar av ho som tulla med det, og at det ikkje var vondt meint.

– Men det er jo litt det folk assosierer folkehøgskule med, seier ho.

Mellom anna på TikTok spøkar mange med nettopp dette i kommentarfelt eller videoar med sketsjar om livet på folkehøgskule og typiske folkehøgskuleelvar.

Sjølv har dei berre opplevd å få positive kommentarar på det dei har lagt ut og sett på TikTok om folkehøgskule, men dei fortel at dei trur det kan verke mindre gøy for folk som ikkje interessert i og kjenner til det.

– Det ikkje er noko hemmelegheit at folk har fordommar mot det, seier Johansen.

– Sosiale medium har veldig stor påverknadskraft, så viss det først blir sett på som noko teit av nokon, er det litt som ein trend folk heng seg på.

Dei fortel at dei trur mange undervurderer eller ser ned på folkehøgskule. Det er som regel folk på deira eigen alder som har størst fordommar.

– Eg har fleire veninner som tenkjer at det er viktig å byrje med studia tidleg, og ikkje vil «kaste bort livet sitt på eit slikt år». Dei blir litt sånn at når ein ikkje får karakter, så er ikkje det du gjer viktig eller vits.

Ho trur mykje av det handlar om at folk ser kor mykje gøy dei gjer, medan dei kanskje slit på studiet sitt.

– Eg gjer akkurat det eg vil, drar til Afrika på studietur og kosar meg her. Eg har fått meldingar heimanfrå som var sånn: «Herregud du gjer ting heile tida, det ser ut som at du lev livet», og det er jo sånn er det på folkehøgskule.

Kjenner til kommentarane

Informasjonsrådgjevar hos Folkehøgskolene Julie Byberg Bø fortel at dei har opplevd at det kjem negative kommentarar knytt til folkehøgskule.

– Me kjenner til det. Det er nok hovudsakeleg på TikTok det er mest. Me synest sjølvsagt det er kjedeleg når oppfatningar som me ikkje synest er dekkjande for skulane får plass i sosiale medium. Men me har fokusert veldig på å sette innhald og element som kan vere vanskeleg for utanståande å forstå i kontekst, og opplever at det har fungert.

Ho legg til at det har vore høg førekomst av desse kommentarane i haust, og at dei reknar med at «trenden» går over.

Ei dame som smilar til kamera.

Julie Byberg Bø i Folkehøgskolene fortel at dei fokuserer på å setje innhald som kan vere vanskeleg for utanforståande å forstå i ein kontekst. Foto: Svein Finneide

– Undersøkingar viser at jo meir ein veit om folkehøgskule, jo meir positiv er ein til det. Me trur eigentleg det handlar ein del om at folk ikkje veit heilt kva folkehøgskule er. 

Som ei følgje av koronapandemien har dei særleg frå slutten av 2019 hatt mindre mogelegheiter til å besøkje skular og utdanningsmesser for å snakke med ungdommar om folkehøgskule.

– Men no har me begynt med det igjen, og me ser allereie at det er ein positiv søkjartrend sidan i fjor, forklarar ho.

Folk veit ikkje kva det inneber

Jentene trur på same side som Bø at fordommane kan kome av at folk ikkje har noko forhold til kva ein gjer på folkehøgskule.

– Eg hugsar at foreldra mine hadde tydelege fordommar mot at eg skulle byrje på folkehøgskule. Men så blei pappa med ned hit når eg byrja, og han såg opningsshowet og korleis det såg ut her. Han vart skikkeleg sjokka, og syntest det verka kult. Han forstod ikkje kor bra det var før han såg deg sjølv, og det trur eg gjeld mange, fortel Johansen.

– Folk treng kanskje nokre kjenningar som kan vise kor kjekt det faktisk kan vere, seier Valderhaug.

Ho meiner også at mange ser for seg at folkehøgskule er veldig kristent.

– Mange tenkjer at med ein gong det er noko som er kristent, så er det noko konservativt kristent, men det er det jo ikkje på folkehøgskule. Mange trur kanskje at det berre er kristne haldningar og at me berre snakkar om Jesus og Gud, men det er feil her. Her er det ope for alle sine syn og meiningar.

Øveraas peikar på at folk berre tenkjer på enkelte alternative linjer når ein snakkar om folkehøgskule, og at mange kanskje ikkje vel folkehøgskule fordi dei ikkje vil assosierast med dei.

– Det er jo eit par alternative linjer, men det er jo det som er fint, for då er det noko for alle. 

Johansen går som nemnt linja «Foto/video», medan Valderhaug går «Artist, låtskrivar og musikkproduksjon» og Øverås «Ten Sing Norway». Dei går med andre ord på nokså ulike linjer, men er blitt gode vener på tvers.

Dei trur det finst ei linje for alle, anten ein vil gå noko yrkesretta, noko knytt til ein hobby eller berre for gøy. Det gjeld berre å finne den rette for seg sjølv.

– Eg trur at alle som hadde begynt hadde kost seg, sjølv om dei har fordommar. Dei berre veit ikkje kva det inneber, men hadde dei byrja på ei linje som dei interesserer seg for, så hadde dei hatt det gøy. Eg trur at mange sin tankegang om kva folkehøgskule er hadde vore endra hadde dei berre gått her i ei veke, fortel Valderhaug.

– Eg har ikkje høyrt om ein einaste person som har gått på folkehøgskule som ikkje har vore nøgd, seier Øverås.

På spørsmål om dei tilrår andre å ta eit år på folkehøgskule er svaret klart frå alle tre jentene.

– Dersom ein byrjar rett på studium, så går ein gjerne også rett ut i jobb, og så skal ein jobbe fram til ein er pensjonist. Men her får ein mogelegheita til å forlenge ungdomstida litt. Eg trur at når eg blir litt eldre, så hadde eg nok ynskja at eg kunne pause tida då eg var 20, og levd litt meir. Det er jo akkurat det me gjer no, fortel Johansen.

– Det er betre å utnytte tida til noko sånn som dette no, enn å angre på det når ein blir 50 år, avsluttar Valderhaug.