Sauda vidaåregeande skule får ny linje til hausten.

Linda Merethe Lie, Ryfylke
Linda Merethe Lie, Ryfylke

Nytt år, nye mulegheiter. Desse grip Sauda vidaregåande skule ved å starte kampanjar for marknadsføring av den nye idrettslinja i januar. For ja, skulen får ei ny linje til hausten.

– Elevtalet på skulen er lågt på grunn av lågare fødselstal, og det er spesielt på idrettslinja me ser det. Søknaden til idrettslinjer over heile landet er synkande, så me må tenke nytt og kome med eit tilbod som dei andre ikkje har, seier avdelingsleiar Svein Einar Nordvik.

Etter å ha hatt på tenkehetta, kom forslaget om ei ny idrettslinje; Ski- og snowboardlinje.

LES OGSÅ: Med jakt og fiske på pensum

– Det vert idrettsfag med hovudfokus på frikøyring på twintipski og snowboard, med laussnøturar, railing og hopp, forklarer prosjektleiar Ole Andreas Hamsun Rustad.

– Frikøyring krev mykje teknikk, og elevane skal få opplæring i det og i å lese terreng, seier han, og fortel at i sommarhalvåret vert det mykje trening av blant anna balanse på trampoline og airtrack (luftfylt hoppemadrass) for å vere klar til skisesongen.

– Søknadsfristen er første mars, og så får me håpe på suksess, seier Nordvik.

LES SAKA I RYFYLKE!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE