Heading gjev skader i hjernen
Ein ny studie viser skader i hjernen til fotballspelarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Amerikanske forskarar har skanna hjernen på tolv fotballspelarar og funne teikn på mild traumatisk hjerneskade, ifølgje Videnskab.dk.
Studien viser at gjentekne headingar kan skade hjernen – sjølv om dei ikkje er kraftige nok til å utløysa ei hjerneristing.
– Den amerikanske studien viser at leidningsevna i hjernen sine nervebaner blir redusert ved mange headingar. Det kan blant anna gi hovudepine, søvnproblem og konsentrasjonsproblem, seier Thomas Zoëgav Ramsøy til Videnskab.dk. Han er hjerneforskar, nevropsykolog og står i spissen for Decision Neuroscience Research
Group på Copenhagen Business School og Hvidovre Hospital.
– Det nye ved denne forskinga er metoden dei har brukt. Dei kan identifisere skadar i den kvite substansen mykje meir presist, fortel Ramsøy.
Særleg i USA har ein dei siste 10–15 åra vore opptekne av kva for konsekvensar støyt mot hovudet kan ha hos born. I nokre amerikanske ligaer for born er det jamvel forbode å heada.