Ikkje på 20 år har det vore så lite kriminalitet og alkoholbruk blant norsk ungdom. Meir dataspeling kan vera ei medverkande årsak.

mm

Dei er mindre kriminelle, drikk halvparten så mykje, bruker mindre narkotika, røykjer mindre og tek skulen meir alvorleg. Det er klart mindre problemåtferd hos norske ungdommar enn det var for ti og tjue år sidan. Dette viser ein fersk artikkel i Tidsskrift for ungdomssforskning som Lars Roar Frøyland og Mira Aaboen Sletten ved NOVA står bak.

Nedgangen i omfanget av problemåtferd gjeld både mindre alvorlege og meir alvorlege typar av problemåtferd.

LES OGSÅ: – For mykje drikking i politikken

Færre gjengangarar
Talet på gjengangarkriminelle gutar har gått ned frå 6,6 prosent frå 2002 til 3 prosent i 2010. Blant jentene gjekk talet ned frå 1,7 prosent til 0,7 prosent. Dei heilt lovlydige ungdommane aukar også i tal – dei har auka med 13 prosent gutar og 20 prosent jenter i 1992, til 23 prosent gutar og 33 prosent jenter i 2010.

Desse nasjonale tala stemmer òg godt overeins med lokale Ungdata-undersøkingar som har vore gjennomført i mange norske kommunar.

LES OGSÅ: – Vorspiel er farleg

Snillare av dataspel?
– Kvifor er ungdom snillare no til dags?

– Ein av hypotesane våre er at det kan vera resultatet av endringar i fritidsmønster. Når ein ikkje heng så mykje rundt venner ute, så kan dette føra til nedgang i problemåtferd, seier Lars Roar Frøyland.

Ungdom bruker meir tid heime no, og særleg føre datamaskina, samanlikna med 2000 og 1990.

– Så ein blir snillare av dataspeling?

– Om det er slik veit me ikkje, men det ei forklaringane ein kan tenkja seg, seier Frøyland.

LES OGSÅ: Bruker meir tid på skule og dataspel

Tek skulen meir alvorleg
Andre har teke til orde for at resultata viser er ei form for framtidsdisiplinering. Funn frå Ung i Noreg-studien viser at ungdom seier at skulen er viktig. Fleire seier at dei trivst på skulen, og fleire meiner det er viktig å prestera på skulen, og at val dei gjer no, får konsekvensar for deira framtidige karrierehøve.

Dette er haldningar og åtferd som passar dårleg saman med utstrakt bruk av rus og anna problemåtferd.

Kvifor trur du det er mindre kriminalitet og problem blant ungdom i dag enn for 20 år sidan?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE